Pressemelding -
Internasjonale teknolab-framsyningar til Noreg
Ein taleregistrator som improviserer og eit kritisk blikk på kva teknologi gjer med kjenslene våre, er ingredienser i dei to gjestespela som er resultat av ei internasjonal teaterteknologisatsing som no kjem til Noreg.
STAGE YOUR CITY
og
IDIOMATIC
NOREGSPREMIERER 7. JUNI KL. 16.00 og 20.30
EUROPEAN THEATRE CONVENTION KONFERANSE: DRAMA GOES DIGITAL
7. - 9- JUNI
Teater er ein eldgamal kunstform, men har alltid nytta mekanikk og teknologi i skapeprosessen. Under overskrifta Drama goes digital kjem no to internasjonale teaterframsyningar til Noreg som utforskar kva ein kan utrette i spennet mellom teater og teknologi i stadig raskare utvikling.
KAPRAR BYROMMET
Framsyninga Stage your city er ein installasjon, ein gåtur i byrommet og ei teaterframsyning i eitt. Publikum blir delt inn i grupper og presentert for eit framtidssamfunn der teknologi legg til rette for at alt er behageleg rundt oss - men der menneska ikkje lenger er i stand til å elske. Gjennom ei fysisk og emosjonell reise vil publikum med digitale hjelpemiddel bli stilt overfor ulike filosofiske dilemma.

BABELSK FORVIRRING
I Idiomatic blir fem skodespelarar frå ulike europeiske land kasta inn på scenen for å improvisere fram ei teaterframsyning. Den siste aktøren er ein taleregistrator som kan omsette frå alle språka dei snakkar. Men kva skjer når også teknologien byrjar å improvisere? Idiomatic undersøkjer kva språk har å seie for identiteten vår og korleis vi blir oppfatta. Kva hender når vi ikkje kan forstå kvarandre?
TEKNOLOGISK TEATERLAB
I samarbeid med fleire teater knytt til det europeiske teaternettverket ETC, har Det Norske Teatret vore del av eit prosjekt under European Theatre lab som har fått overskrifta Drama goes digital. Framsyningane Den siste kongsfesten, som hadde premiere her på teatret i april, og Peer Gynt, som alt har hatt premiere i Zagreb i april og som kjem opp på Hovudscenen til hausten, er også del av denne digitale utforskinga.
Les meir om European Theatre lab.
EUROPAS STØRSTE TEATERNETTVERK MED KONFERANSE
European Theatre Convention (ETC) er det største nettverket av offentleg støtta teater i Europa, med meir enn 40 medlemsteater frå over 20 land. 7. – 9. juni held dei sin internasjonale teaterkonferanse på Det Norske Teatret. Konferansen vil ha fokus på digitalt teater, og vise internasjonale produksjonar frå det EU-finansierte prosjektet «European Theatre Lab: Drama goes digital».
Les heile konferanseprogrammet.
Idiomatic og Stage your city blir også viste under Heddadagane.
Stage Your City er eit prosjekt skapt av partner-teatera Centre Dramatique National Nancy-Lorraine (F), Badisches Staatstheater Karlsruhe (DE) og Kote Marjanishvili State Theatre Tbilisi (GE), co-produsert av European Theatre Convention (ETC).
Idiomatic er ein co-produksjon mellom Transquinquennal, Brussels (BE), Théâtre de Liège (BE), Teatrul National “Marin Sorescu” Craiova (RO) og Det Norske Teatret (NO).
European Theatre Lab: Drama Goes Digital har blitt utvikla med støtte frå Creative Europe-programmet til EU.
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.