Gå videre til innhold
Julekonsert: Pakka inn i raudt

Pressemelding -

Julekonsert: Pakka inn i raudt

Det blir ikkje jul utan musikken. Alle har ein favoritt dei berre høyre for å få den endelege julestemninga. Det Norske Teatret har utfordra nokre av dei sterkaste songkreftene i ensemblet til å hente fram sine private juleskattar. I lag med bandet frå Vikla inn i blått har dei pakka desse songane inn i raudt.

PAKKA INN I RAUDT
19. DESEMBER KL. 19.30
I DI EIGA STOVE

Det blir garantert både kjente tonar, vakre salmar og nokre moderne klassikarar når Det Norske Teatret inviterer til julekonsert frå Hovudscenen, som er gjort om til eit meir intimt konsertlokale i dette høvet.

Det blir ein kveld fylt av julefavorittar frå dei yngste debutantane til dei meir erfarne nestorane på teateret. For det er nemleg gjengen frå Vikla inn i blått – Dylan på nynorsk som stiller scenen, stemmene og stemninga til rådigheit. Med Ina Svenningdal, Heidi Gjermundsen Broch, Morten Svartveit, Mimmi Tamba, Marie Blokhus, Gjertrud Jynge, Ingrid Jørgensen Dragland, Paul-Ottar Haga og Bjørn Sundquist ligg det an til ei uhøgtideleg høgtidsstund saman med jazzmusikarane frå Dylan-framsyninga. I tillegg til ei og anna overrasking, har komponisten på Bienes historie vore innom og lagt igjen ei ekstra julegåve. Nils Bech avsluttar med O helga natt.

Les meir om julekonserten på nettsidene til Det Norske Teatret

Emner

Kategorier


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter