Pressemelding -
Kan ein gjere seg fri frå alt?
Folk vil ha fridom. Økonomisk fridom. Fridom til å reise. Fridom til å flytte dit ein vil. Fridom til å tru på eller stemme på det ein vil. Fridom til å seie kva ein vil. Men kva er fridom? Krev den også noko av oss?
UNDER OPEN HIMMEL
av Steve Tesich
PREMIERE LAURDAG 16. NOVEMBER KL. 18.00
Som sitt siste regiarbeid som teatersjef ønskjer Erik Ulfsby nok ein gong å mane til refleksjon. I ei tid da demokratia forvitrar, krigar blussar opp og kunsten slit med å vere aktuell for publikum, går han rett inn i samtalen. Gjennom historia om to flyktningar på veg til Fridomens land, diskuterer han mellom anna sjølve fridomsomgrepet og kva verdien av kunst er.
Det må stå noko på spel
Derfor har ansvarleg for sceneuttrykket i framsyninga, Lars Ø. Ramberg, trekt heilt "ekte kunst" og ikkje replikaer, inn på scenen. I eit landskap av gigantiske betongliknande bokstavar, som kan danne ordet FRIDOM, reddar dei to flyktningane (Peiman Azizpour og Amell Basic) med seg kunst frå krigsherja bygnader. I samarbeid med Oslo kommunes kunstsamlingar har mellom anna verk av Nerdrum, Widerberg og Borchgrevink funne vegen fram frå magasina og ut i scenelyset. Heilt fremst på scenen regnar ord ned frå himmelen gjennom ein gigantisk vatnskrivar.

Erik Ulfsby
Erik Ulfsby runder med dette av sin teatersjefperiode ved Det Norske Teatret. I løpet av sine 14 år har han sett avgjerande spor etter seg. Kort oppsummert: Endra driftsmodell til repertoarteater, opna for framsyningar på søndagar, starta Det Multinorske og utdanna 3 kull med skodespelarar med ein annan kulturell bakgrunn enn den etnisk europeiske, skapt enorme suksessar og i årevis betra økonomien gjennom publikumsrekordar. Tematisk har han vore oppteken av dei store spørsmåla, og det han har kalla Big talk, i motsetnad til small talk. Det gir med andre ord god meining å avslutte med ei monumental oppsetjing av ein fabulerande tekst som Under open himmel.

Lars Ø. Ramberg
Bildekunstnaren Lars Ø. Ramberg har ansvaret for det sceniske uttrykket. Han har også tidlegare samarbeidd med Ulfsby om det store prosjektet Andre verdskrigen – Natt i verda og Ein av oss. Ramberg har blitt spesielt kjent for sine monumentale tekstskulpturar i offentlege rom. Han fekk sitt gjennombrot då han tok over DDRs parlamentsbygning i Berlin og forvandla det med enorme neonbokstavar: «ZWEIFEL». På Økern har Ramberg bygd Noregs største kunstverk, «TILLIT», som med sine 20 etasjar er synleg frå store delar av byen, og reiser fleire spørsmål enn svar.
LES MEIR OM KUNSTEN HER.

Steve Tesich
Dramatikar, forfattar og filmmanusforfattar Steve Tesich var serbisk-amerikansk, fødd i det tidlegare Jugoslavia. Mellom filmane han skreiv manuset til er Breaking Away, som han fekk Oscar for, og The World According to Garp, med Robin Williams i hovudrolla. Tesich lykkast som kunstnar i USA, men blei aldri komfortabel med det amerikanske fridomsomgrepet.
- For meg er det berre to typar fridom; fridom frå noko og kvifor ein er fri.
LES HEILE ARTIKKELEN HER.

Foto Erik Ulfsby: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret
Foto Lars Ramberg og Erik Ulfsby: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret
Foto Steve Tesich: https://sr.wikipedia.org/wiki/...
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.