Gå videre til innhold
Scenografien i Ein av oss er eit installasjonskunstverk av Lars Ramberg og skal symbolisere demokratiet. Publikum må vere med på å bygge det. Foto: Siren Høyland Sæter.
Scenografien i Ein av oss er eit installasjonskunstverk av Lars Ramberg og skal symbolisere demokratiet. Publikum må vere med på å bygge det. Foto: Siren Høyland Sæter.

Pressemelding -

Kan kunsten bidra til å styrke demokratiet?

- Ja, så avgjort, seier teatersjef Erik Ulfsby som frå 22. november er aktuell med regien på framsyninga Ein av oss på Scene 2. Saman med konseptkunstnaren Lars Ramberg og Ditteke Waidelich ønskjer han å forske på kva som var drivkrafta bak det kollektive traumet som ramma samfunnet vårt 22. juli 2011.

EIN AV OSS
Tekstar av Åsne Seierstad, Karl Ove Knausgård, Lena Lindgren, Thomas Brasch og produksjonen
NOREGSPREMIERE FREDAG 22. NOVEMBER KL. 19.30
SCENE 2

Over store delar av Europa er det krefter på frammarsj som undertrykker og stilnar stemmer som talar for toleranse, mangfald og den frie ytringa. 30 år etter murens fall er austeuropearane igjen bekymra for demokratiets framtid. I Polen blir regjeringa skulda for å setje mediefridom, abortrettar og homofiles rettar under press. I Ungarn tvilar stadig fleire på at demokratiet og ytringsfridomen lar seg redde. Kunstnarar i fleire europeiske land merkar aukande sensur og innblanding frå styresmaktene, og sjølv her i Noreg har ei teaterframsyning vekt stor politisk interesse og førde indirekte til at justisministeren valde å trekkje seg tidlegare i år.

Les meir: - Noreg har veldig mykje, og etter veldig mange parameter er vi eit vellukka samfunn. Vi er blant dei lykkelegaste og mest privilegerte i verda. Men det gjer det kanskje enda skumlare å ramle utanfor? spør teatersjef Erik Ulfsby.

Demokratiprosjekt i scenerommet

Den Berlin-busette anerkjende bildekunstnaren Lars Ramberg har laga ein installasjon på Scene 2 som legg til rette for eit demokratiprosjekt. Kunstnaren, som er kjent for sine politiske og delvis kontroversielle ytringar gjennom verka sine, har laga ein installasjon som består av 469 trekassar. Desse representerer 469 «scenar», ein scene til kvar av dei som overlevde Utøya. Inspirasjonen kjem frå Speakers Corner i Hyde Park i London. I dag kjenner vi det som eit symbol for ytringsfridomen, der kven som helst kan stille seg på ein kasse og ytre seg om det ein vil. Men opphavet til denne plassen var ein rettarstad. Fram til 1783 blei folk hengde i Hyde Park. Innan dei blei hengde, fekk dei lov til å seie sine siste ord. Trekassane i framsyninga har ord brent inn i seg: «Sensur», «Anger», «Berømt», «landsmoder», «Waffen», «Waffel», «Lik og del».

Demokratiets byggesteinar

- Når vi set desse kassane saman får vi ein installasjon som minner om eit regjeringsbygg eller ei form for nasjonsbygging som består av alle stemmer i eit demokrati, eit slags parlament. Blant dei viktigaste verdiane i eit demokrati, er ytringsfridom og kunstnarleg fridom. Da er det også viktig å sleppe til dei stemmene vi ikkje liker, seier Ramberg om arbeidet sitt. Førre gongen Ramberg besøkte Det Norske Teatret okkuperte han publikumsområda under speleperioden til Andre verdskrigen – natt i verda med kunstprosjektet HEIL.

Verdiar under press

Fridomen og rettane som vi nordmenn ser på som sjølvsagte, er under sterkt press i store delar av den vestlege verda. Har vi nordmenn blitt så sløve at vi ikkje trur at fridomen vår brått kan bli borte? Må vi ikkje kjempe lenger mot krefter som trugar vår fridom eller tør vi å la vere å engasjere oss? I Ein av oss vil skodespelarar frå Noreg og Tyskland på vegner av fellesskapet drøfte desse problemstillingane. Det er ikkje Seierstads roman som blir dramatisert i framsyninga, men stykket låner tittelen og nokre sekvensar frå boka. Ein av oss / Einer von uns er eit norsk-tysk samarbeid og hadde urpremiere ved Hannover Schauspielhaus 20. mars.
På scenen står Gjertrud Jynge, Eivin Nilsen Salthe, Jonas Steglich og Johanna Bantzer.

Les meir om framsyninga Ein av oss / Einer von uns på våre nettsider.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4624 x 2964, 1.83 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3731 x 2516, 717 KB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4044 x 2696, 1.16 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4633 x 3245, 1.96 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4082 x 2696, 1.38 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4890 x 3219, 2.29 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4016 x 6016, 11.2 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4044 x 2696, 1.62 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4044 x 2696, 1010 KB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2501 x 1630, 344 KB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6016 x 4016, 12.8 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6016 x 4016, 14.5 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Framsyningsfoto Ein av oss / Einer von uns
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6016 x 4016, 12 MB
    Last ned
  • Ein av oss / Einer von uns
    Spill av video
    Ein av oss / Einer von uns
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .mov
    Lengde:
    1:00
    Last ned