Gå videre til innhold
Ane Dahl Torp i rolla som psykologen Kris Kelvin i Solaris. Foto: Maiken Mathisen.
Ane Dahl Torp i rolla som psykologen Kris Kelvin i Solaris. Foto: Maiken Mathisen.

Pressemelding -

Kultklassikaren Solaris som teater

Regissør Peer Perez Øian, skodespelar Ane Dahl Torp, musikar Sjur Miljeteig og lysdesignar Kyrre Heldal Karlsen samarbeidde om den kritikarroste framsyninga Solaris korrigert i 2016. No skal dei igjen ta for seg ein framtidsfabel om mennesket i møtet med framand intelligens når kultklassikaren Solaris skal til scenen.

SOLARIS
av Stanislaw Lem, dramatisert av David Greig
NOREGSPREMIERE FREDAG 9. OKTOBER KL. 19.30
PÅ SCENE 2

På Scene 2 ser det ut som om den levande planeten Solaris har pressa seg inn gjennom veggane og velta innover scenegolvet. Denne gongen har det kunstnarlege laget med seg scenograf Dagny Drage Kleiva, og ho har forma eit lavaliknande landskap fullt av ting som ser ut som dei er frå jorda. Komponist Sjur Miljeteig har skapt musikk med referansar til scifi-filmar og thrillarar frå 70-talet. Ei romferge med mannskap har stranda her og kommunikasjonssambandet er for lengst brote saman. Planeten Solaris er eit tenkande hav, og når mannskapet søv og drøymer kjem ting og vesen til live i den havarerte romferga. Mannskapet har for lengst mista forstanden.

Gard Skagestad spelar rolla som Ray, minnet av ein avdød kjærast av Kris (Ane Dahl Torp). Foto: Magnus Skrede.

Kva er eit menneske?

Psykologen Kris Kelvin (Ane Dahl Torp) blir sendt til romstasjonen for å undersøke mannskapet og redde dei, men blir sjølv heimsøkt av spøkelse frå fortida. Gamlekjærasten Ray kjem til live som ein manifestasjon frå hennar eige minne. Han som for lengst er daud. Det ser ut til at planeten forsøker å kommunisere med mannskapet. "Dei besøkande" som kjem om natta blir stadig meir menneskelege. Mannskapet på romferga blir meir kyniske og umenneskelege i forsøk på å halde på forstanden i ein uverkeleg situasjon. Ray kan snakke og verkar å ha ein eigen bevisstheit. Men er han eit menneske? 

Solaris stiller besetninga overfor etiske dilemma. Skal dei la rasjonelle tankemønsker vinne over humane omsyn? Går det an å vere objektiv? Solaris er natur. Bør dei i det heile forstyrre rein og urørt natur? Er naturen god eller vond?

Les meir: Kor mykje av universet er det mogleg for oss å oppdage og forstå? Kvar går grensene for det menneskelege og i kor stor grad kan ein forstå eit anna menneske? spør Solaris-omsetjar Julia Wiedlocha.

Kultklassikar

Stanislaw Lems roman Solaris frå 1961 er både science fiction og psykologisk thrillar. Romanen er filmatisert tre gonger, sist i 2002, med George Clooney i rolla som her blir spelt av Ane Dahl Torp. Den mest kjende filmatiseringa er likevel Andrej Tarkovskijs versjon frå 1972. Teatermanuset er skrive av dramatikar David Greig og er ein adapsjon basert på romanen. Denne versjonen hadde premiere på The Malthouse Theatre i Australia i fjor.

Les meir om framsyninga Solaris på nettsidene våre.

Utøvande kunstnarar er fritekne frå avstandskravet på 1 meter når dei gjennomfører kulturaktivitetar i regi av ein profesjonell aktør, jf paragraf 13 i Forskrift om smitteverntiltak.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge