Gå videre til innhold
Babyopera ønskjer å stimulere barns fantasi og evne til empati gjennom musikk og rørsle. Foto: Sung-woon Choi.
Babyopera ønskjer å stimulere barns fantasi og evne til empati gjennom musikk og rørsle. Foto: Sung-woon Choi.

Pressemelding -

Kunstoppleving for dei aller minste

Gjennom song, lyd, rørsler og leik tek Mago med dei minste med foreldrer på ei reise til eit fascinerande og mytisk landskap, der opplevinga står i sentrum.

MAGO
FOR BARN 0-3 ÅR
av Babyopera (NO) i samarbeid med Babyart (KOR)
FRÅ 30. NOVEMBER TIL 10. DESEMBER
SCENE 2

Framsyninga er inspirert av historia om Mago – ein gamal myte frå Nord-Korea om korleis verda blei til. MAGO er ei eldstemor, kjempen, gudinna som lyttar til kosmisk musikk og skapar verdas mange fjell, skogar, elvar og innsjøar.

Feiring av livets mysterium

I vår tid har vi forskjellige vitskaplege teoriar om korleis verda blei til. Men sjølv med denne kunnskapen synest vi det er eit mysterium. Dei som står bak MAGO meiner vi treng poesi, bilde, musikk og dans for å beskrive, fantasere om og feire mysteriet gjennom å gi små barn ei "utenomkvardagsleg oppleving". På scenen møter barna den koreanske dansaren Mijeong Yoon som saman med komponist og musikar Torgeir Vassvik vekker myten om Mago til live gjennom dans, joik og musikk. Etter framsyninga kan barna danse med utøvarane og leike i scenografien.

Forsking på småbarn og kunstopplevingar

– Forskarar meiner å ha funne at kunst er med på å utvikle barns evne til empati og innleving. Du kan sjå at dei lyttar, ser og blir emosjonelt berørte av det dei er med på. Vi kan ofte observere at kjenslene på scenen blir spegla i ansikta til dei unge publikummarane som undring og humor, seier Christina Lindgren, som står bak ide, konsept, regi og kostymedesign.
– Det er også ei erfaring å dele ei oppleving, vi stimulerer nysgjerrigheita og fantasien til barna. Ofte er samhandling mellom barn og vaksne med pedagogisk eller oppdragersk formål. Når ein deler ei kunstoppleving, stiller alle likt.

Passar for barn 0-3 år.

Utøvar og musikalsk komposisjon
Torgeir Vassvik Utøvar Mijeong Yoon Ide, konsept, regi og kostymedesign Christina Lindgren Koreograf Hyun Kim Korografiassistent Ka Hyun Kim Scenograf Yun Kyung Bae/ Huasis Kostymedesign Ramona Irene Myrseth Kostymedesign og produksjon Sally Page Turner Kostymeproduksjon Sunwoo Chun Lydlandskap tilkomstområde Sujin Lee Grafisk designar Design Eight Video Production GROOJAM

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge