Gå videre til innhold
Kva om livet er meiningslaust?

Pressemelding -

Kva om livet er meiningslaust?

Du lever, du døyr, og du døyr ulykkeleg. Det er innsikta som plutseleg slår ned i keisaren Caligula. Og løysinga på dette er like enkel som ho er brutal: Den vilkårlege døden.

CALIGULA
av Albert Camus
PREMIERE LAURDAG 24. FEBRUAR KL. 18.00
HOVUDSCENEN

Ifølge Caligula, lever vi alle usanne liv, dersom vi trur at liva våre har meining. Berre om vi innser dette, kan vi bli frie. Og da vil kva som er godt og kva som er vondt bli snudd opp-ned.

Den romerske keisaren begynner sitt korstog for å få menneska til å forstå at liva deira er meiningslause. Viss det passar for Caligula, er du daud. Lar du ikkje Caligula låne kona di, er du daud. Og når du døyr, arvar staten alle pengane dine. Medan hungersnauden herjar (Caligula stenger kornlagera for folket), tener horehusa for lite pengar. Caligula si løysing: Premie for den som brukar det mest. Og vågar du å seie han imot - lever du farleg.
Å regjere er å stele, ifølge Caligula. Og han vel å gjere det heilt ope.

Han meiner sjølv at han er ein god keisar. Han gjer alt i sanning, og han har spart landet for tre krigar. Kva er vel nokre vilkårlige avrettingar mot heile generasjonar av unge menn som døyr ved fronten?
Caligula er ekstrem, ein fundamentalistisk eksistensialist, kanskje. Galen, meiner dei rundt han, som ikkje gjer motstand likevel. Og kanskje verkar noko av dette litt kjent for oss i dag også?

- Joda, denne figuren er slett ikkje gått ut på dato. Eg trur i desse tider at det er frigjerande å kunne le av slik galskap, seier Karl-Vidar Lende, som spelar rolla som keisar Caligula.
Les heile intervjuet her.

Brutale leiarar i samtida

Den franske absurdistiske forfattaren og filosofen Albert Camus byrja å skrive Caligula i 1938, i ei politisk uroleg tid da brutale regime despotiske leiarar reiste seg over heile Europa. Teaterstykket blei ikkje ferdig før 1944, og hadde av naturlege årsakar ikkje premiere før etter krigens slutt, i 1945. I dag har stykket fått fornya aktualitet gjennom tida vi lever i, der vi igjen ser at trua på demokratia forvitrar, politikarforakta aukar, sterke leiarar utøver makt og går til krig.

-Eg forstår Netanyahu betre, eg forstår Putin betre, eg forstår Trump betre og eg forstår menneska rundt dei betre. Kimen til forståinga av desse menneska ligg i dette dramaet, seier regissør for Caligula, Peer Perez Øian.
Les heile intervjuet med regissøren.

Han synest samtidig det er vanskeleg å bli klok på korleis folk bør agere for å gjere motstand mot det dei meiner er urett.
- Korleis skal vi få trua tilbake på demokratiet i ei verd der leiarane ikkje fortener tilliten vår? undrar regissøren.

    Related links

    Emner

    Kategorier



    Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

    Kontakter

    • Caligula
      Caligula
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .png
      Opphavsrett:
      Det Norske Teatret
      Størrelse:
      1920 x 1080, 3.61 MB
      Last ned
    • Peer Perez Øian
      Peer Perez Øian
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Det Norske Teatret
      Størrelse:
      5348 x 3677, 2.81 MB
      Last ned
    • Karl-Vidar Lende
      Karl-Vidar Lende
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Det Norske Teatret
      Størrelse:
      6609 x 4571, 2.01 MB
      Last ned
    • Peer Perez Øian
      Peer Perez Øian
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Det Norske Teatret
      Størrelse:
      4016 x 4654, 9.66 MB
      Last ned
    • Framsyningsfoto Caligula
      Framsyningsfoto Caligula
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Det Norske Teatret
      Størrelse:
      4608 x 3072, 2.88 MB
      Last ned
    • Framsyningsfoto Caligula
      Framsyningsfoto Caligula
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Det Norske Teatret
      Størrelse:
      4608 x 3072, 2.68 MB
      Last ned
    • Framsyningsfoto Caligula
      Framsyningsfoto Caligula
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Det Norske Teatret
      Størrelse:
      7008 x 4672, 2.72 MB
      Last ned
    • Framsyningsfoto Caligula
      Framsyningsfoto Caligula
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Det Norske Teatret
      Størrelse:
      7008 x 4672, 2.84 MB
      Last ned
    • Framsyningsfoto Caligula
      Framsyningsfoto Caligula
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Det Norske Teatret
      Størrelse:
      4608 x 3072, 2 MB
      Last ned
    • Framsyningsfoto Caligula
      Framsyningsfoto Caligula
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Det Norske Teatret
      Størrelse:
      4608 x 3072, 2.26 MB
      Last ned
    • Framsyningsfoto Caligula
      Framsyningsfoto Caligula
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Det Norske Teatret
      Størrelse:
      7008 x 4672, 2.62 MB
      Last ned
    • Framsyningsfoto Caligula
      Framsyningsfoto Caligula
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Det Norske Teatret
      Størrelse:
      4436 x 2957, 2.28 MB
      Last ned
    • Framsyningsfoto Caligula
      Framsyningsfoto Caligula
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Det Norske Teatret
      Størrelse:
      4578 x 3052, 2.05 MB
      Last ned
    • Framsyningsfoto Caligula
      Framsyningsfoto Caligula
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Det Norske Teatret
      Størrelse:
      7008 x 4672, 2.25 MB
      Last ned
    • Framsyningsfoto Caligula
      Framsyningsfoto Caligula
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Det Norske Teatret
      Størrelse:
      4495 x 2997, 2.45 MB
      Last ned
    • Framsyningsfoto Caligula
      Framsyningsfoto Caligula
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Det Norske Teatret
      Størrelse:
      6723 x 4418, 2.4 MB
      Last ned