Pressemelding -
Lagar teater om pride-terroren
- Eg har kjensla av at det ligg noko her som vi ikkje snakkar om, seier dramatikar og regissør Nina Wester. Det er terroren som roka under Oslo Pride 25. juni i 2022 ho siktar til. Det vi ikkje snakkar om, ønskjer ho no å få fram i lyset og opp på scenen. I 2027 blir det teater, men først er ho ute etter å sanke inn historier og stemmer frå ulike lag av befolkinga.
Laurdag 25. juni 2022 skyt ein mann mot folk på utestadene London Pub og Per på hjørnet, midt i Oslo sentrum. Det er natta før den store paraden som avsluttar Oslo Pride. To menneske blir drepne, minst 21 blir skada før mannen blir lagt i bakken av folk på staden. To år seinare blir gjerningsmannen dømt for grov terror og lovas strengaste straff. No har det snart gått tre år. For mange har livet gått vidare.
Hatet lever vidare
Men nokon sit igjen og lurar på kvifor vi ikkje snakkar meir om hatet. Det som får nokon til å bruke «homo» som skjellsord, brenne pride-flagg eller slå ned menn som held hender. Hatet som får nokon til å skyte mot menneske på ein utestad ei sommarnatt. Hatet mot skeive. Målet til regissørener å bruke teaterrommet til å prøve å forstå kva som skjedde og konsekvensane av det, både for enkeltpersonar og for samfunnet.
- Negative haldningar til skeive spirer og gror, ikkje berre i høgreekstreme eller strengt religiøse miljø, men også der. Og den diskusjonen må vi tore å ta. Eg er på jakt etter det som ligg skjult her, og har ikkje svara enno, seier Wester.
Les heile intervjuet her!
Ønskjer kontakt med publikum
Ho treng publikums hjelp i prosjektet, der Wester både skal skrive manus og ha regi. No er ho i den tidlege fasen, der ho sirklar inn emnet ho skal undersøke.
- Dersom nokon meiner de har noko å seie om Pride-terroren vil eg gjerne høyre ifrå dei, seier Wester.
Har du ei historie du vil dele med Nina Wester? Ta kontakt på:
ninawester@hotmail.com
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.