Gå videre til innhold
Edvard Hoem er første gjest ut i den nye podkasten Leselaget. Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.
Edvard Hoem er første gjest ut i den nye podkasten Leselaget. Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

Pressemelding -

Leselaget med Hoem, Ullmann og Nedrejord - ny podkastserie

Kva gjer ein tekst udøyeleg? Og kva er ein klassikar? I Leselaget vil ulike forfattarar, dramatikarar og teaterfolk som er knytte til repertoaret på Det Norske Teatret dissikere aktuelle klassikarar. Først ut er Lady Macbeth fra Mtensk av Nikolai Leskov.

LYTT TIL LESELAGET!


I podkasten Leselaget inviterer vi nokre av våre fremste lesarar til å ta for seg ein klassikar og snakke om han. I vår vil forfattarane Linn Ullmann, Kathrine Nedrejord og Edvard Hoem, som alle er aktuelle med tekstar på Det Norske Teatret våren 2025, lese same boka. Klassikaren dei skal bryne seg på er kortromanen Lady Macbeth fra Mtsensk frå 1865 av den russiske forfattaren Nikolaj Leskov. Han er blitt omtalt som forfattaranes forfattar. Lever han opp til dette ryktet?

Dramaturg Ingrid Weme Nilsen er programleiar for Leselaget, og i løpet av podkastserien skal ho undersøke om det kanskje er slik at vi alle bør lese Leskov.

Første episode: «Mykje blod og død i dette her»

Første medlem i Leselaget er forfattar Edvard Hoem. l podkasten fortel Hoem at han har lese mykje russisk litteratur, men ikkje Nikolaj Leskovs forteljing Lady Macbeth fra Mtensk.
- Eg må tilstå at Leskov har gått meg hus forbi! Men eg vil avgjort seie at dette gir meirsmak. Det er ei kraftfull, for ikkje å seie brutal form for litteratur. Mykje blod og død i dette her.
I vinter blir framsyninga basert på hans eigen roman Jordmor på jorda, vist på Det Norske Teatret. På slutten av podkasten snakkar dramaturg Ingrid Weme Nilsen og Hoem også om den romanen

Andre episode: «- Eg vil kalle den ein ‘page turner’»

Andre medlem i Leselaget er forfattar og dramatikar Kathrine Nedrejord, som er aktuell på Det Norske Teatret med Forbrytar og straff. I podkasten fortel ho om forholdet sitt til russisk litteratur. Ho hugsar spesielt godt møtet med Leo Tolstojs Krig og fred. Ho elska den!
- Eg er jo frå Finnmark, og eg føler at kulturane overlappar noko. At eg ofte kjenner meg igjen i den russiske veremåten.

Nikolaj Leskov hadde ho høyrt om, men ikkje lese før Leselaget tok kontakt. Lady Macbeth fra Mtensk er også ein ‘page turner’ i likskap med Krig og fred, meiner Nedrejord.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Edvard Hoem og Ingrid Weme.jpg
    Edvard Hoem og Ingrid Weme.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3892 x 2484, 7.63 MB
    Last ned
  • Leselaget_Hoem_Cover1.jpg
    Leselaget_Hoem_Cover1.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1080 x 1080, 552 KB
    Last ned
  • Leselaget Nedrejord 1-1 1.jpg
    Leselaget Nedrejord 1-1 1.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1080 x 1080, 713 KB
    Last ned
  • KathrineNedrejord_1-1_OHA2.jpg
    KathrineNedrejord_1-1_OHA2.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3810 x 2190, 2.3 MB
    Last ned