Gå videre til innhold

Emner: Litteratur

  • Sjarmerande og fargerik framsyning for dei minste

    Foajeen ved Scene 2 har blitt til ein iglo - og her bur dei to gode vennene Unni og Gunni. Julie Moe Sandø og Ina Svenningdal gir liv og kjensler til dei to pingvinane, som inviterer publikum med ei leiken og koseleg stund med alle regnbogens fargar.

  • Eit møte med Arne Garborg og Kitty Kielland

    To gjestespel gir eit nært innblikk i to tankane til og forholdet mellom store personlegdomar innan norsk kunst og litteratur, nemleg Kitty Kielland og Arne Garborg.

  • Leselaget med Hoem, Ullmann og Nedrejord - ny podkastserie

    Kva gjer ein tekst udøyeleg? Og kva er ein klassikar? I Leselaget vil ulike forfattarar, dramatikarar og teaterfolk som er knytte til repertoaret på Det Norske Teatret dissikere aktuelle klassikarar. Først ut er Lady Macbeth fra Mtensk av Nikolai Leskov.

  • Kathrine Nedrejords personlege mareritt til scenen

    - Dessverre er dette ei historie som millionar av kvinner i verda kan kjenne seg igjen i, seier regissør Julia Marko-Nord. Ho skal sette i scene Kathrine Nedrejords rasande forteljing om tida etter ei sjølvopplevd valdtekt.
    FORBRYTAR OG STRAFFav Kathrine NedrejordURPREMIERE FREDAG 7. FEBRUAR KL. 19.30SCENE 2PREMIERESAMTALE KL. 18.30Kathrine Nedrejord i samtale med Siri Ramberg
    - Det er ing

  • Da "fri fødsel" var normalen - Edvard Hoems tippoldemor til Hovudscenen

    I dag går debatten heitt om såkalla "naturleg" og "fri fødsel" heime, bør vere lov. For 200 år sidan var "fri fødsel" normalen, og helsefarene for mor og barn var mange. I Jordmor på jorda møter vi ei som var med å etablere den profesjonelle fødselshjelpa i Noreg. Jordmødrene tilbydde kunnskap og metodar som reduserte skadene og senkte dødelegheita ved fødslar.

  • Ny juleklassikar? Snøsøstera tilbake på Det Norske Teatret

    Både Aftenposten og Dagbladet trilla seksar på terningen da Snøsøstera hadde urpremiere for to år sidan. No kjem teaterversjonen av julekalenderromanen til Maja Lunde og Lisa Aisato tilbake, til glede for nye og gamle publikummarar.

  • Beate Grimsruds siste roman blir teater

    Idet ein konvolutt frå Karolinska Sjukhuset dumpar ned i postkassa til Vilde Berg, tek livet ei heilt ny vending. Ho har fått kreft. Likevel er dette ei historie om livstrong, ikkje om døden, meiner skodespelar Heidi Gjermundsen Broch. Både ho og regissør Charlotte Frogner har lenge ønska å overføre den kritikarroste romanen Jeg foreslår at vi våkner av Beate Grimsrud til teaterscenen.

  • Linn Ullmanns Jente, 1983 blir teater

    Linn Ullmanns personlege Jente, 1983 blei ein braksuksess da han kom ut i 2021. Romanen blei heidra med panegyriske kritikkar, eit dryss av prisar og rangert mellom årets beste bøker i alle dei største media. No er Gjertrud Jynge er klar til å formidle eg-personens tankar frå scenen, og kjenner seg godt igjen i stoffet.

  • Jae Nyamburah er Hedda Gabler

    - Vi skal lage Hedda Gabler litt som ein episode i Falcon Crest, seier regissør og påtroppande teatersjef, Kjersti Horn. Ho har fått med seg eit stjernelag av skodespelarar, og i spissen står Jae Nyamburah som ei både utagerande og sårbar Hedda Gabler.
    HEDDA GABLERav Henrik Ibsen, til nynorsk ved Aina BassoPREMIERE 7. SEPTEMBER KL. 18.00HOVUDSCENEN- Ho får ikkje, eller får ikkje til, å leve det

  • Nytt teaterstykke frå Nobelprisvinnar Jon Fosse

    Noreg fekk sin første Nobelprisvinnar på 95 år i Jon Fosse. No er Det Norske Teatret aktuell med urpremiere på hans neste stykke Einkvan. For den komande teatersjefen Kjersti Horn er det første gongen ho arbeider med ein Fosse-tekst.
    EINKVANav Jon FosseURPREMIERE TORSDAG 25. APRIL KL. 19.30SCENE 2PREMIERESAMTALE FØR FRAMSYNINGA KL. 18.30Regissør Kjersti Horn i samtale med Jon Fosses redaktør Ce

  • Ane Dahl Torp jaktar Moby Dick

    Blod, olje og vatn vil flyte på scenen når kaptein Akab og mannskapet mønstrar på Hovudscenen for å fange den frykta kvite kvalen Moby Dick.
    MOBY DICKav Herman MelvillePremiere 19. januar kl. 19.00Hovudscenen
    Vinden vil røske tak i publikum og sjøsprøyten gå høgt over scenen når skuta til den forrykte kaptein Akab, i Ane Dahl Torps skapnad, legg ut på tokt for å drepe kvalen som gjorde kapte

  • Teppet går opp for den tredje internasjonale Fossefestivalen

    For tredje gong skal vi feire forfattarskapen til vår tids største norske dramatikar, Jon Fosse. Årets festival kan skilte med solide gjestespel frå det store utland, i tillegg til urpremiere på ei ny gjendikting av Jon Fosse sjølv, Oslo-premiere på ein ny Fosse-tittel, eit breitt sideprogram - og ikkje minst ei spennande premiere på nytt stykke frå teaterduoen Vinge/Müller.DEN INTERNASJONALE FOSS

  • Édouard Louis kjem til premieren på teaterstykket om mora

    Édouard Louis’ mor blei verande i eit destruktivt ekteskap heile oppveksten hans. Kvifor? I romanen En kvinnes frigjøring skildrar Louis hennar veg ut. No blir dette teater i regi av Kjersti Horn.EI KVINNES KAMPAR OG FORVANDLINGARav Édouard LouisPREMIERE 17. FEBRUAR KL. 19.30SCENE 2SAMTALE MED ÉDOUARD LOUIS OG KJERSTI HORN PÅ PREMIEREDAGEN KL. 19.00
    Scenograf Sven Haraldsson har skapt ein sceno

  • Bjørn Sundquist tilbake med Beckett

    - Det handlar blant anna om døden. Men om det er noko eg synest er tilatades i Becketts verk, så er det livet! seier Bjørn Sundquist, som skal regissere sitt fjerde drama av eksistensialisten og absurdisten Beckett.
    SLUTTSPELav Samuel BeckettPREMIERE ONSDAG 25. JANUAR KL. 20.00SCNENE 3På scenen står det to gigantiske søppelbøtter. I lause lufta heng to vindauge der ein skodar ut i inkje. Her sk

  • Magisk jul med Snøsøstera

    Når Maja Lunde og Lisa Aisatos moderne juleklassikar blir teater, er det duka for stor teatermagi på Hovudscenen.SNØSØSTERAav Maja Lunde og Lisa AisatoURPREMIERE LAURDAG 22. OKTOBER KL. 18.00HOVUDSCENENI samarbeid med Kilden teater og konserthusHistoria om vennskapen som oppstår mellom Julian og Hedvig i tida før jul, rommar både juleglede, vemod og håp. På Hovudscenen på Det Norske Teatret er reg

  • Moderne Kristin Lavransdotter

    Det er ei kraftanstrenging av dei sjeldne skodespelarane skal igjennom, når Sigrid Undsets storverk om Kristin Lavransdotter tek form på Hovudscenen i ei åtte timar lang teaterframsyning.KRISTIN LAVRANSDOTTER KRANSEN - HUSFRUE - KORSETav SIgrid UndsetPREMIERE 10. SEPTEMBER KL. 12.00 - ca 20.00HOVUDSCENENSara Khorami står framføre si største rolleutfordring når ho skal gi gi liv til den mest kjende

  • Endeleg premiere på Om mus og menn

    Endeleg kan teppet gå opp for Om mus og menn i Eirik Stubøs regi på Hovudscenen. I nobelprisvinnar John Steinbecks forteljng om nedgangstider og marginaliserte menn på jakt etter jobb handlar det først og fremst om å overleve. Og i det fjerne lyser den amerikanske draumen.OM MUS OG MENNav John SteinbeckPREMIERE FREDAG 19. NOVEMBER KL. 20.00HOVUDSCENENTrettiåra var eit dystert kapittel i amerikansk

  • Internasjonal Fosse-festival for andre gong

    Årets Fossefestival kan skilte med eit spekka program med eigenproduksjonar og gjestespel - også frå utlandet, i tillegg til eit breitt samansett sideprogram.
    DEN INTERNASJONALE FOSSEFESTIVALEN3. - 12. SEPTEMBERDET NORSKE TEATRETLes heile programmet for Fossefestivalen her
    Fossefestivalen er ein arena for dramatikk som er skrive etter Jon Fosses dramatikardebut i 1994. Festivalen skal romme

Vis mer