Gå videre til innhold
Linda Eides første soloframsyning har fått svært god mottaking etter premieren i 2018. No kjem framsyninga endeleg til Oslo, etter ei pandemiutsetjing. Foto: Ane Bysheim.
Linda Eides første soloframsyning har fått svært god mottaking etter premieren i 2018. No kjem framsyninga endeleg til Oslo, etter ei pandemiutsetjing. Foto: Ane Bysheim.

Pressemelding -

Linda Eide jaktar på gamledagar

Linda Eide er mest kjent som programleiar for Norsk attraksjon og Eides språksjåv på NRK. Med Oppdrag Mottro har ho erobra teaterscenen også. Framsyninga om mora er hennar første soloframsyning, og no kjem den til Oslo og Det Norske Teatret.

OPPDRAG MOTTRO

av og med Linda Eide
FRÅ 21. SEPTEMBER KL. 20.00
SCENE 3
GJESTESPEL FRÅ DET VESTNORSKE TEATERET

«I en mesterlig monolog gjør Linda Eide sin familiehistorie allmenngyldig og viktig» skreiv Bergens Tidende etter premieren i 2018 og gav fem hjarte. Oppdrag Mottro handlar om Linda Eides mor, altså Mottro, livet hennar og livet før hennar tid igjen. Gjennom telefonsamtalar med mora blir publikum kjende med Mottro, men får også eit bilde av samfunnsutviklinga i Noreg, sett frå Mottros ståstad. Det er klassekamp, bygdeliv og kvinnekamp, ofte med perspektiv som verkar framande for oss i dag. For eksempel:
LINDA: Fekk du ikkje leva ut personlegdomen din, er det det du seier?
MOTTRO: Men herlegheit, det fanst jo ikkje personlegdom før, og om han fanst så hadde ein jo ikkje råd til å bry seg om han, og i alle fall ikkje leva han ut.

Med skjemt, alvor og ein god porsjon nostalgi tar Linda Eide publikum med på ei engasjerande jakt på kva dette "gamledagar" er, og korleis den lever vidare i våre dagar.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Framsyningsfoto Oppdrag Mottro
    Framsyningsfoto Oppdrag Mottro
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3699 x 2466, 3.54 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Oppdrag Mottro
    Framsyningsfoto Oppdrag Mottro
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3931 x 2621, 4.53 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Oppdrag Mottro
    Framsyningsfoto Oppdrag Mottro
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1875 x 1250, 1.97 MB
    Last ned
  • Framsyningsuttrykk Oppdrag Mottro
    Framsyningsuttrykk Oppdrag Mottro
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1680 x 1062, 375 KB
    Last ned
  • Portrrett Linda Eide
    Portrrett Linda Eide
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Linda Eide
    Størrelse:
    4583 x 3055, 1010 KB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Oppdrag Mottro
    Framsyningsfoto Oppdrag Mottro
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3931 x 2593, 3.82 MB
    Last ned
  • Portrrett Linda Eide
    Portrrett Linda Eide
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Linda Eide
    Størrelse:
    5616 x 3744, 1.57 MB
    Last ned