Gå videre til innhold
Vetle Bergan spelar rolla som Trille. Foto: Dag Jenssen.
Vetle Bergan spelar rolla som Trille. Foto: Dag Jenssen.

Pressemelding -

Maria Parrs bok Keeperen og havet blir teater

Maria Parrs sjarmerande forteljing om ungane i bygda Knert-Matilde møter regissør Kjersti Horns sprelske uttrykk.

KEEPEREN OG HAVET

URPREMIERE ONSDAG 23. FEBRUAR KL. 17.00
SCENE 2


Forfattar Maria Parr er blitt omtalt som moderne barnelitteraturs superstjerne, og ho har formidla historier om barn i utkant-Noreg med vidd og varme. Med Vaffelhjarte, som gjekk på NRK som TV-serie, vann Lena og Trille frå bygda Knert-Matilde hjartene til både barn og vaksne. No møter Lena og Trille teaterpublikummet i Kjersti Horns moderne og leikne formspråk i framsyninga Keeperen og havet, basert på Parrs neste roman frå den vesle bygda. Scenen er full av gamalt skrot som kunne ha vore i ein farfars garasje, men sjølve scenen er eit kvitt lerret som kan bli kva som helst når dei målar på det. Dei vaksne - med unntak av farfaren - blir spelt på karikert vis av ein og same skodespelar, og parykkar og lausskjegg flyg veggimellom. På Scene 2 er det med andre ord duka for ei varm historie og mykje komikk.

Trekantdrama i vennegjengen

I Keeperen og havet møter vi Lena og Trille som har blitt litt eldre sidan sist. Det meste verkar å vere som det alltid har vore, men likevel blir ting kanskje aldri som før. Lena har nemleg vore i syden, Trille har hoppa frå det høgste på moloen - og så har det flytta ei nederlandsk jente til bygda. Trille synest ho er veldig grei og fin. Det synest ikkje Lena. Det har alltid vore ho og Trille. På fotballen blir Lena i tillegg sett på reservebenken av den nye trenaren, ho er ikkje lenger god nok for gutelaget ho spelar på. Så skjer det ei ulykke i båten til bestefaren til Trille, og han blir nøydd om å ta styringa. 

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Framsyningsfoto Keeperen og havet
    Framsyningsfoto Keeperen og havet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 6.44 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Keeperen og havet
    Framsyningsfoto Keeperen og havet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 13.9 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Keeperen og havet
    Framsyningsfoto Keeperen og havet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4024 x 6048, 3.63 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Keeperen og havet
    Framsyningsfoto Keeperen og havet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 6.22 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Keeperen og havet
    Framsyningsfoto Keeperen og havet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 7.22 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Keeperen og havet
    Framsyningsfoto Keeperen og havet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 5.93 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Keeperen og havet
    Framsyningsfoto Keeperen og havet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    6048 x 4024, 24.5 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Keeperen og havet
    Framsyningsfoto Keeperen og havet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5682 x 3859, 5.18 MB
    Last ned