Gå videre til innhold
Bjørn Floberg og Marie Blokhus har djup respekt for kvarandres arbeid som skodespelarar. Men det er første gongen dei skal samarbeide. Foto: Eirik Malmo.
Bjørn Floberg og Marie Blokhus har djup respekt for kvarandres arbeid som skodespelarar. Men det er første gongen dei skal samarbeide. Foto: Eirik Malmo.

Pressemelding -

Marie Blokhus og Bjørn Floberg saman på scenen for første gong

Kva er menneskeleg kjemi? Heisenberg er eit finstemt drama om to usynlege sjeler som finn saman i einsemda.

HEISENBERG
NOREGSPREMIERE FREDAG 3. NOVEMBER KL. 19.30
SCENE 2, DET NORSKE TEATRET

Ei yngre kvinne (Marie Blokhus) overrumplar ein framand eldre mann (Bjørn Floberg) med eit kyss i nakken. Med dette overraskande første møtet som utgangspunkt, faldar ei fascinerande kjærleikshistorie seg ut. Dei to er som natt og dag. Ho er vulgær og direkte med ein overdriven latter. Han er inneslutta og lever eit rutineprega liv. Ho er ein lystløgnar, han har aldri hatt ein feriedag. Men dei deler det at dei begge kjenner på ei eksistensiell einsemd. Ein eller annan stad i samforståinga om denne einsemda, og i tomrommet mellom dei to, gneistrar det i kjemien. 

– Dei som kjenner meg, vil seie at alle roller eg spelar, nesten alltid er gjennomsyra av ei form for eksistensiell einsemd. Så den einsemda eg opplever i begge desse karakterane, resonnerer veldig i meg, seier Marie Blokhus. Les heile intervjuet her.

Heisenberg av den prisløna britiske dramatikaren Simon Stephens er ei hylling til mennesket og vår evne til å hoppe ut i det ukjente. - Til korleis vi er villige til å sjå bortanfor menneskelege manglar og bli glad i nokon, sjølv om vi blir såra - dersom gevinsten er kjærleik.

Skodespelarstykke

– Eg likar at det er så skodespelarbasert. Det er ikkje så mykje armrom for festleg regi og scenografi. Alt kvilar på uttrykket og kompetansen hos skodespelarane. Regissøren treng berre å styre båten, og la skodespelarane gjere jobben, seier Bjørn Floberg med eit flir. Heisenberg er eit såkalla "skodespelarstykke", det vil seie et drama der skodespelarane og dialogen står i fokus. Scenografien er eit tomt rom med fire stolar. I ei strime med lys møtest dei to drivne og anerkjende skodespelarane frå kvar sin generasjon til eit første scenetreff. 

Les meir om Heisenberg på Det Norske Teatrets nettsider.


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge