Gå videre til innhold
Carl Martin Eggesbø gjer si første rolle på Det Norske Teatret som Louis. Foto: Eirik Malmo.
Carl Martin Eggesbø gjer si første rolle på Det Norske Teatret som Louis. Foto: Eirik Malmo.

Pressemelding -

Med 80-talsblikk på homofili

Korleis snakke om at du skal døy, når sjukdomen du skal døy av, ikkje kan nemnast ved namn?

BERRE VERDAS UNDERGANG
av Jean-Luc Lagarce
NOREGSPREMIERE FREDAG 25. NOVEMBER KL. 19.30
SCENE 2

UTSTILLINGSOPNING KL. 18.00
foto av Fin Serck-Hanssen
Opning ved Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen


PREMIERESAMTALE KL. 18.30
Med Ola Svenneby, Per Sundnes, Fin Serck-Hanssen, Per Miljeteig

Louis har reist frå familien og byen han vaks opp i, og inn til storbyen. Der har han kunna leve som den han er, i lag med ein mann han var glad i. Men kjærasten har nyleg døydd. Så blir han sjølv sjuk, og veit at han også skal døy. Louis reiser heim, for første gong på 12 år, for å fortelje dette til familien. Det blir eit møte der familiens såra kjensler over å ha blitt forlatne kjem til overflata, og der Louis kjenner at han aldri, ikkje ein gong når han skal døy, kan kjenne seg som del av familien. Fordi han er annleis, fordi livet han har levd aldri vil vere noko ein snakkar høgt om eller har eit språk for, og fordi han skal døy av ein sjukdom han ikkje sjølv vil nemne ved namn.

80-talsnostalgi og død

Tida handlinga er lagt til, er 80-talet, da hiv og aids blei oppdaga som sjukdom, og spreidde seg stille og raskt i homofile miljø. Dramatikaren Jean Luc-Lagarce blei sjølv eit av offera, da han døydde berre 38 år gamal i 1995. Det blir ikkje nemnt spesifikt i framsyninga at det er aids det er snakk om, men skam, forteiing og det absurde i at ein ung mann har fått ein dødsdom, er desto tydelegare. Carl Martin Eggesbø gjer si første rolle på Det Norske Teatret som Louis. Johannes Holmen Dahl, som i år har gjort stor suksess med Tid for glede, tar med seg det same kunstnarlege teamet i arbeidet med denne eksistensielle og vonde sceneteksten. Ein tekst som også har mykje kjærleik og varme i seg. Nia Damerells scenerom og outrerte 80-talskostyme vil saman med musikar Johan Bakkens lydspor føre tankane bakover i tid, både gjennom synth-akkordar og songar kjende frå perioden. Til tida da unge, vakre menn døydde av ein uforklarleg sjukdom med eit stigma som gjorde det vanskeleg å vere open om den.

Jean-Luc Lagarce

Jean-Luc Lagarce (1957-1995) er ein av dei mest spelte franske dramatikarane, men har enno ikkje vore presentert for eit norsk publikum. Lagarce gav ut 25 scenetekstar før han døydde av aids 38 år gamal. Det var først etter sin død at han fekk det store gjennombrotet som dramatikar. I 2015 blei Berre verdas undergang filmatisert av Zavier Dolan og vann Grand Prix og Ecumenical Jury Prize 2016 under filmfestivalen i Cannes.  

SKEIVT KULTURÅR, UTSTILLINGSOPNING
ORGASMS ADDICT
av Fin Serck-Hanssen
Kl. 18.00, før premieren

Foajeen i første høgda

Orgasms addict er tittelen på ein låt av punkbandet Buzzcocks. Punken og seksualiteten var drivkrafta i tidleg vaksen alder og var formativ for Fin Serck-Hanssens liv og fotografiske arbeid. I samband med framsyninga Berre verdas undergang har han vald ut bilde tatt i England og Noreg tidleg på 80-talet. Frå natteliv og kvardag. I samarbeid med utstillingsdesignaren Harald Lunde Helgesen er bilda trykte på tøyelege tekstilar og spente opp mellom golv og tak i foajeen på Det Norske Teatret.
Utstillinga vil bli opna av Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

PREMIERESAMTALE – FORTELL MEG OM AIDS
Kl. 18.30, før premieren
Utskarpen, foajebaren i første høgda

Samtaleleiar: Ola Svenneby
I panelet: Per Sundnes, Fin Serck-Hanssen, Per Miljeteig

Det Norske Teatret har invitert leiaren i Unge Høgre, Ola Svenneby, til å leie samtalen med same tittel som kronikken han skreiv for halvtanna år sidan. Gjennom eit panel med stor breiddekunnskap ønskjer vi å løfte medvitet om korleis denne sjukdommen har prega Noreg generelt, og det skeive miljøet spesielt. Dette ein sjukdom få unge veit mykje om, og det dei veit er ofte basert på feilinformasjon og frykt, og/eller filmar og tv-seriar. Eit ønskje om å forstå meir, er godt utgangspunkt for ein samtale som kan belyse ein underkommunisert del av noregshistoria.

I panelet sit NRK-profil Per Sundnes som med sin spisskompetanse på popkultur vil skissere tidsanda mot slutten av 80-talet. Korleis undergrunnskulturen som levde i dei homofile miljøa i denne perioden slo gjennom i populærkulturen og blei eit slags allemannseige. Korleis dette gjekk hand i hand med aksept og større toleranse, og korleis hiv-viruset sette heile denne rørsla tilbake.

Fin Serck-Hanssen var ung på 80-talet og har dokumentert den homofile utescenen i perioden – deler av arbeidet hans blir vist under utstillinga Orgasms addict som heng i foajeen i speleperioden. Fin Serck-Hanssen levde nært på aidspandemien, og opplevde at venner og kjente blei sjuke og døydde.

Per Miljeteig er utdanna psykolog og har levd med hiv sidan 1985. Å få hiv på 80-talet var for mange ein dødsdom, det var ikkje behandling å få. Mange mista venner, familie og kjærastar til ein sjukdom få kunne noko om. Miljeteig legg ikkje skjul på at det har vore tøft å leve med diagnosen, som det har vore knytt mykje skam og hemmeleghald til. Han har brukt store delar av karriera på å kjempe for hivpositives rettar og levekår. I 1988 var han med på å starte sjølvhjelpsgruppa Pluss, på byrjinga av 2000-talet var han nestleiar i organisasjonen HivNorge, og frå 2003-2009 var han styreleiar i organisasjonen.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge