Pressemelding -
Når læraren kjem for nær
Kor nær kan læraren vere eleven sin? Og kva skjer når eit parforhold er basert på løgn? På Scene 3 er det duka for eit intenst kammerspel der kampen om sanninga står på spel.
Ellen Babić
av Marius von Mayenburg
Noregspremiere fredag 22. november kl. 20.00
Scene 3
Det er fredags kveld. Rektor kjem på besøk til Astrid. Ho er lærar og kjæresten hennar, Klara, har vore elev ved same skole. Det passar dårleg at Klara er heime. Rektoren veit nemleg ikkje at Astrid bur i lag med sin tidlegare elev. Og i alle fall ikkje når forholdet tok til. Astrid og Klara har slått seg til ro med ei felles forteljing om korleis dette gjekk til. Dei skil sjølvsagt mellom private og profesjonelle forhold. Men så vil rektor vil ta opp noko som skal ha skjedd på ein skoletur. Faren til 16 år gamle Ellen Babić har tatt kontakt med skolen. Noko har skjedd mellom læraren og 16-åringen som ikkje skulle ha skjedd. Det er snakk om ganske alvorlege anklagar.
Astrid har ein annan versjon av kva som skjedde. Kven snakkar sant? Og er Astrid og Klara jamnbyrdige i sitt forhold? Eller er forholdet deira basert på ei løgn? Er vi blinde for makta vi kan ha over andre menneske berre i kraft av klasse, yrke eller posisjon? Til sjuande og sist er det berre ein ting som er sikkert. At ingenting er sikkert.
Blodfersk og aktuell dramatikk
Tyske Marius von Mayenburg blir rekna mellom Europas mest interessante dramatikarar. Stykka hans er omsett til over 30 språk og han har mottatt ei rekke teaterprisar. Ellen Babić er blodfersk samtidsdramatikk, og hadde urpremiere for berre eitt år sidan på nasjonalteateret på Island. Tekstane til Mayenburg er kjenneteikna av svart humor, snerten dialog og ein brutal ærlegheit. Han har sjølv omtalt verka sine som ei slags offentleg dagbok.
Les meir om Marius von Mayenburg.
Klasse, kjøn og makt
Ellen Babić er del av Mayenburgs Lockdowntrilogien, som også består av stykket Eks, som blei sett i scene av regissør Peer Perez Øian på Det Norske Teatret i 2022. I Ellen Babić viser han kor skjør maktbalansen kan vere når sanninga kjem for ein dag. I takt med at alkoholinntaket aukar, stig konfliktnivået. I løpet av den dramatiske kvelden kjem gamle minne til overflata, og fortida kjem i eit nytt lys.

Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.