Gå videre til innhold
Faens nisse er ein ganske ellevill julesatire med politiske undertonar. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.
Faens nisse er ein ganske ellevill julesatire med politiske undertonar. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

Pressemelding -

No er det f... meg jul igjen

Har jula blitt sniknissifisert utan av vi la merke til det? Er den største høgtida vår berre til ære for marknadskreftene? Kva skjedde med nestekjærleiken, eigentleg?

FAENS NISSE!
URPREMIERE 10. NOVEMBER KL. 20.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

Korset i Bangstad tronar nedtagga og knekt i på byens torg. Midt på heng ein korsfesta julenisse. Gud konstaterer overfor son sin at jula ikkje lenger er eit høgtid dei får noko ut av. Dei må tenkje nytt, satse meir på påska. Men Jesus nektar å gi opp bursdagsfeiringa si så lett.

Slaget om jula

Jesus set seg føre å vinne jula tilbake frå nissen på Bangstad, ei lita bygd der jula er 80 prosent nisse og berre 20 prosent kristendom. Julenissen har for lengst blitt ein forsoffen karakter, og han slit med å oppdra sonen til å seie ho-ho på den rette hole måten: Han vil heller bli fjøsnisse og gjere fantestrekar.

Den problematiske kulturarven

Med hjelp frå den nye ordføraren og presten skal Jesus få K´en tilbake i jula og dei startar med å gjenreise eit nytt kors i bygda. Jesus aktar å ta tilbake minst 50 prosent av marknadsandelen av julefeiringa, og bevise for far sin at den kristne og nestekjærlege bodskapen kan vinne over nissetullet og marknadskreftene. Ordføraren drøymer også om å bygge eit kulturarvmuseum. Bygda er begeistra. Når dei små og mellomstore bedriftene i tillegg kjem på ei heilt spesiell julegåve som vil lette bygdas alderdomsutfordring, er saligheita nær.

Les meir om Faens nisse! på våre nettsider.


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Relatert innhold

  • Foto: Bendik Schrøder.

    Mine kristne verdiar er betre enn dine

    Eg har hatt eit langt liv med Jesus. Utan å vere kristen. I Faens Nisse! undersøkjer eg Jesus og det han har å seie i dag, i mitt liv, der eg bur, i Noreg, skriv dramatikar Gunnar Germundson.

  • Foto: Pernille Walvik/Samlaget

    Barnet i sofaen

    Anne Gunn Halvorsen: Kort om kvifor me feirar jul.