Gå videre til innhold
Det Andre Teatret har nok ein gong snike seg inn på Det Norske Teatret for å stele scenen.
Det Andre Teatret har nok ein gong snike seg inn på Det Norske Teatret for å stele scenen.

Pressemelding -

Nytt scenetjuveri på Det Norske Teatret

Kva kan hende når improvisatørane frå Det Andre Teatret "stel" scenen på Det Norske Teatret? Alt, kanskje?

UT OG STJÆLE SCENER
DET ANDRE TEATRET PÅ DET NORSKE TEATRET
LAURDAG 7. DESEMBER KL. 19.00
SCENE 2

Vanlegvis er det ikkje lov til å tulle i scenografien til ei framsyning. Bortsett frå ein gong i året, og det er for lukka dører under teaterets interne teknikarrevy. Men Det Norske Teatret gjer eit unntak for improvisatørane frå Det Andre Teatret, som skal få boltre seg i scenografien som tilfeldigvis står på scenen denne kvelden.

Ut å stjæle scener er eit konsept der improvisatørane frå Det Andre Teatret dukkar opp hos eit anna teater og «stel» eit scenerom. Der improviserer dei fram ein ny einaktar basert på scenografien som står i rommet, komplett uvitande om korleis teateret sjølv har brukt inventaret. Ein kan vente seg tull og tøys, og ein god dose humor.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter