Pressemelding -
OBOS Billettfond gir skolar Bienes historie
Ved hjelp av OBOS billettfond får nærare 4000 elevar frå 10. klasse og oppover moglegheit til å sjå teaterversjonen av Maja Lundes Bienes historie strøyma rett til klasserommet.
BIENES HISTORIE - strøyming gjennom OBOS Billettfond
For skoleklassar frå 10. klasse og oppover
Fredag 16. oktober kl. 11.00
Onsdag 18. november kl. 19.00
Det Norske Teatret og OBOS har samarbeida om å gi teateropplevingar til skoleelevar i mange år allereie. Også i år skulle dette samarbeidet halde fram.
- Korona-epidemien har sett ein stoppar for mange av samarbeidsprosjekta vi hadde planlagt dette året. Men no kan vi likevel vise teater for ungdommen!, seier sponsorrådgjevar Hege Irene Asplund i OBOS.
Hege Irene Asplund er sponsorrådgjevar i OBOS. Foto: Moment Studio.
- Gjennom samarbeidet med Det Norske Teatret, kan vi tilby strøyming av musikalversjonen av Maja Lundes kritikarroste roman Bienes historie til rundt 130 skoleklassar, held ho fram.
Teater til fleire
Gratisprinsippet i skolen fører til at ikkje alle barn og unge får høve til å oppleve kultur utanfor det Den Kulturelle Skolesekken tilbyr. Gjennom OBOS Billettfond gjer OBOS og Det Norske Teatret noko med dette.
Teatersjef Erik Ulfsby er glad for at pionérarbeidet med strøyming av Bienes historie får nå ut til skoleelevar over heile landet. Foto: Siren Høyland Sæter.
- For eit halvår sidan ante vi ikkje at vi skulle strøyme teater i det heile, men når vi no gjer dette for første gong, så opnar det jo nye moglegheiter til å nå publikum frå alle delar av landet - også når det gjeld skoleframsyningar. Og det er jo ei stor glede å bidra til, seie teatersjef Erik Ulfsby, som også har regien på teaterframsyninga.
Skolane som sikrar seg billettar til framsyninga vil også få med seg ein samtale i forkant mellom forfattar Lunde og litteraturagent Annette Orre. Strøyminga skjer i sanntid og startar nett på same tid som teppet går opp på Hovudscenen på Det Norske Teatret i Oslo.
OBOS gir tilbake
OBOS støttar allereie fleire arenaer innan kultur, sport og humanitært arbeid, og har som mål å støtte positive miljøtiltak i buområda til medlemmane, samt bidra til positive oppvekstvilkår for barn og unge gjennom OBOS gir tilbake.
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.