Gå videre til innhold
Øyvind Rimbereid debuterer som dramatikar

Pressemelding -

Øyvind Rimbereid debuterer som dramatikar

Øyvind Rimbereid skriv for scenen for første gong, sterkt oppfordra etter suksessen langdiktet Solaris korrigert gjorde i sceneversjon i 2015. Den umoglege valmuehagen er tittelen på dramatikardebuten som også er ein dyster framtidsvisjon - men finst det håp?

DEN UMOGLEGE VALMUEHAGEN

av Øyvind Rimbereid
URPREMIERE TORSDAG 4. NOVEMBER KL. 20.30
UTSTILLINGSOPNING KL. 20.00
SCENE 3

Rimbereid blir rekna som ein av sin generasjons fremste og mest originale lyrikarar. Han er kjent for sin poetiske originalitet, og tematisk er det samtida som opptar han – gjerne sett gjennom fortida eller framtidas briller. Igjen tar han publikum med ned under jorda. Det kan verke som at jorda er blitt ubeboeleg, utan at det er heilt slått fast. Langt nede i underjordiske gangar arbeider Dis og Sviar. Dei dyrkar eit hav av valmuar og har tilsette som bygger nye ortar til å leve i der nede. Men er det eit paradis eller eit helvete dei lagar? Og korleis kom eigentleg Dis dit ned?

Til denne framtidsfabelen har regissør Peer Perez Øian fått med seg elektronikaartist og musikar Sandra Kolstad til å komponere songar og lydsporet til framsyninga. På Scene 3 smeltar dette saman til noko i grenselandet mellom science fiction og psykologisk thrillar.

Dag Jenssen - fotograf på Scene 3 gjennom 10 år - aktuell med utstilling

I 2011 opna Det Norske Teatret Scene 3. Skiftet frå den tidlegare Prøvesalen skulle markere ein ambisiøs og ektefølt ambisjon om å styrke og utvikle scenekunsten i det vesle formatet. Teksten, skodespelaren og regissøren skulle stå i sentrum, det var eit poeng å treffe publikum i ei nær og intim oppleving. Scene 3 skulle markere eit avgjerande kunstnarleg kontrapunkt til den store og avanserte Hovudscenen. Dette er no ti år sidan - og fotograf Dag Jenssen har dokumentert så og seie alle produksjonane. Som ei feiring av denne vesle store scenen, blir det høgtidleg opning av ei utstilling med fotografens eigne utvalde favorittar i forkant av premieren. Utstillingsopninga er kl. 20.00 i foajebaren i første høgda.

Les meir: - Scenen har utan tvil levd opp til forventningane, seier teatersjef Erik Ulfsby.

KOMMANDE PREMIERER PÅ DET NORSKE TEATRET:

Gudspartikkelen, Scene 2, onsdag 10. november kl. 19.30.

Om mus og menn, Hovudscenen, fredag 19. november kl. 20.00.
Vinterreise, Scene 2, laurdag 20. november kl. 15.00.
Leve republikken, Rommen Scene, laurdag 20. november kl. 18.00.

Andre endringar i repertoaret hausten -21:

Inn frå regnet,
Scene 2, får ny premieredato i september 2022.
Oresteia, Hovudscenen, opnar Den internasjonale Fossefestivalen i september 2023.
Snøsøstera, Hovudscenen, ny premiere i oktober 2022


Les meir om Den umoglege valmuehagen på nettsidene.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge