Gå videre til innhold
 Lokalpolitikar, fagrørslemann og kranglefant Olav Svendsen nektar å flytte frå det flaumroka huset sitt. I rolla som Svendsen finn vi Svein Roger Karlsen. Foto: Magnus Skrede.
Lokalpolitikar, fagrørslemann og kranglefant Olav Svendsen nektar å flytte frå det flaumroka huset sitt. I rolla som Svendsen finn vi Svein Roger Karlsen. Foto: Magnus Skrede.

Pressemelding -

Om flaumsikring, familierelasjonar og politikk frå Frode Grytten

Vi veit det jo. At temperaturen på jorda stig. At det blir meir og meir regn. Og flaum og ras. Og tørke. Verst ramma blir ofte dei stadane der folk alt slit. I Frode Gryttens nye drama – som endeleg får premiere – sit ein bitter gubbe i eit flaumroka hus i utkant-Noreg og er sint på alt og alle. Ikkje minst, er han sint på politikarane. Kvifor har dei ikkje sikra betre?

INN FRÅ REGNET

URPREMIERE LAURDAG 17. SEPTEMBER KL. 17.30
SCENE 2

Det er desember. Bygda skulle ha vore pynta til advent, men er i staden øydelagt av flaum. Heile hus har sigla vekk frå grunnmurane, liv har gått tapt.

Politisk oppgjer frå utkant-Noreg

Sjølv om huset hans er totalskadd og utrygt, nektar lokalpolitikar, fagrørslemann og kranglefant Olav Svendsen å la seg evakuere – til familiens store irritasjon. Kona og sønene vekslar mellom å true og å lokke, men Olav gir seg ikkje, han har ikkje tenkt å rikke seg av flekken. Han skal vente i huset til Dagsrevyen kjem med statsministeren, som skal vise sin medynk med flaumoffera. Da skal han synge ut om misnøya si og om kor elendig denne regjeringa er, i beste sendetid på NRK 1. For Olav Svendsen handlar det nemleg ikkje berre om nedskjeringar i det nasjonale sikringsarbeidet, men om demonteringa av sjølve samfunnet.

LES OGSÅ - FRODE GRYTTEN: Jo, det kan skje. Og det skjer. Oftare og oftare skjer det. Katastrofen treffer oss. Vårt levesett pressar naturen, og naturen slår tilbake med si enorme, usynlege hand. Folk mistar husa sine eller står tilbake med ein samtidsruin.

Eksistensielt kvardagsdrama

Men med vatnet stig ikkje berre politisk agg til overflata, men også familiære usemjer og løyndomar. Gjennom Frode Gryttens mørke humor, absurde situasjonskomikk og skarpe observasjonsevne, blir publikum vitne til eit eksistensielt kvardagsdrama i eit flaumutsett område i utkant-Noreg. Det er Lasse Kolsrud som står for regien. Han har tidlegare sett opp fleire verk av Grytten med stor suksess. Den framsyninga som sit best i minnet, er kanskje Bikubesong

Inn frå regnet 
skulle eigentleg hatt premiere i mars 2021, men framsyninga blei sjølv roka av ein av desse uføresette krisene naturen kastar over oss. Teaterstreiken utsette premieren nok ein gong i fjor haust, men no skal framsyninga endeleg møte sitt publikum. 

Related links

Emner

Kategorier

Regions



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Framsyningsfoto Inn frå regnet
    Framsyningsfoto Inn frå regnet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5950 x 3347, 11.1 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Inn frå regnet
    Framsyningsfoto Inn frå regnet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6000 x 4000, 5.75 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Inn frå regnet
    Framsyningsfoto Inn frå regnet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4000 x 6000, 6.13 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Inn frå regnet
    Framsyningsfoto Inn frå regnet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3226 x 3859, 2.74 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Inn frå regnet
    Framsyningsfoto Inn frå regnet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6000 x 3375, 5.23 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Inn frå regnet
    Framsyningsfoto Inn frå regnet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5428 x 3053, 4.87 MB
    Last ned
  • Framsyningafoto Inn frå regnet
    Framsyningafoto Inn frå regnet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 19.6 MB
    Last ned
  • Framsyningafoto Inn frå regnet
    Framsyningafoto Inn frå regnet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4024 x 6048, 14.4 MB
    Last ned
  • Framsyningafoto Inn frå regnet
    Framsyningafoto Inn frå regnet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 17.5 MB
    Last ned