Pressemelding -
Play Station-teater på Scene 3
Dei som er fødde på 80- og 90-talet har mest truleg kjennskap til, eller nærer djup kjærleik til, Playstation-spelet Tekken. Det går ut på å slåst med ulike karakterar - og no er spelet utgangspunkt for ei teaterframsyning der publikum sjølve er med på å bestemme kva som skal skje.
FIGHT!
av Scene 3
URPREMIERE FREDAG 9. MAI KL. 19.00
PÅ SCENE 3
Kvar kveld skal nemleg publikum velje sin hovudkarakter, som må møte sine personlege nemesisar og til slutt sin eigen FINAL BOSS. For å kunne gjere eit godt val, krev denne oppgåva av publikum at dei førebur seg før dei kjem til teateret, og leser seg opp på livshistoria til figurane i spelet.
Indre kamp
Gjennom spelet, eller framsyninga, blir publikum enno betre kjende med karakterane, deira styrkar og svakheiter. Til felles for alle karakterane er at dei også kjempar ein indre kamp for å ikkje vere ein NPC (non playing character), men bli hovudkarakteren - main character - i sitt eige liv.
Uttrykksmessig i lyd og bilde stel teaterframsyninga hemningslaust frå spel-kulturen, og dei som har kjennskap til Tekken og dataspel generelt vil kunne kjenne seg godt igjen. Framsyninga speler rått på humor, men under det heile ligg ein bodskap om å ta plass i førarsetet i eige liv.
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.