Gå videre til innhold
Nils Henrik Buljo og Egil Keskitalo i Jon Fosses Og så kan hunden komme. Foto: Andreas Ausland.
Nils Henrik Buljo og Egil Keskitalo i Jon Fosses Og så kan hunden komme. Foto: Andreas Ausland.

Pressemelding -

Psykologisk drama frå Beaivváš Sámi Našunálateáhter

Kjærleiken mellom ein hund og herren hans kan vere sterk. Så sterk at han er verd å drepe for? I Jon Fosses psykologiske drama Og så kan hunden komme, må ein mann bøte dyrt for å ha skote naboens hund.

Og så kan hunden komme/ Bohtos dál dat beana
av Jon Fosse
Gjestespel frå Beaivváš Sámi Našunálateáhter
Tysdag 21. februar kl. 20.30 og onsdag 22. februar kl. 19.00
Scene 3
Scenespråk: Nordsamisk med norsk teksting.

I Beaivváš Sámi Našunálateáhters versjon av Fosses tekst, møter vi ein mann som lever aleine med hunden sin i eit sjøsamisk kystsamfunn. Dei har ikkje så mykje med andre folk å gjere. Men så drep naboen hunden, og mannen blir kasta ut i ei eksistensiell krise. Hundar har ingen ord. Jon Fosse har få ord, men med djup menneskeleg innsikt. Han gir publikum innsyn i mannens innerste tankar når han argumenterer for seg sjølv om kvifor naboen no må døy.

Regissør Leif Stinnerbom og komponist Magnus Stinnerbom frå Västanå Teater er kjende for å lage framsyningar med sterk inspirasjon frå folkekultur- og musikk. Også denne gongen er musikken ein viktig del av framsyninga og fyller dei tomme romma frå Jon Fosse med tonar.

Related links

Emner

Kategorier

Regions



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Framsyningsfoto Bohtos dál dat beana
    Framsyningsfoto Bohtos dál dat beana
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Beaivváš Sámi Našunálateáhter
    Størrelse:
    6000 x 4000, 9.17 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Bohtos dál dat beana
    Framsyningsfoto Bohtos dál dat beana
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Beaivváš Sámi Našunálateáhter
    Størrelse:
    6000 x 4000, 9.56 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Bohtos dál dat beana
    Framsyningsfoto Bohtos dál dat beana
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Beaivváš Sámi Našunálateáhter
    Størrelse:
    6000 x 4000, 5.9 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Bohtos dál dat beana
    Framsyningsfoto Bohtos dál dat beana
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Beaivváš Sámi Našunálateáhter
    Størrelse:
    6000 x 4000, 3.62 MB
    Last ned