Gå videre til innhold
Preben Hodneland fyller rolla som Raskolnikov i framsyninga som er basert på Dostojevskijs klassiske roman. Foto: Eirik Malmo.
Preben Hodneland fyller rolla som Raskolnikov i framsyninga som er basert på Dostojevskijs klassiske roman. Foto: Eirik Malmo.

Pressemelding -

Raskolnikov som TV-teater

Via eit kameraauge heng publikum med gjennom gangane på teatret, der historia om Raskolnikovs brot og straff spelar seg ut i eit heseblesande tempo.

RASKOLNIKOV
basert på romanen Brotsverk og straff av Fjodor Dostojevskij
PREMIERE LAURDAG 17. AUGUST KL. 17.30
PÅ SCENE 3
i samarbeid med Hordaland Teater

- Dette er ikkje vanleg teater. Dette er eit laboratorium der vi testar ut korleis det funkar å lage teater totalt utan kontakt mellom scene og sal, seier regissør Kjersti Horn. Ho legg til at publikum vil få moglegheit til å gå i baren og kjøpe seg drikke og popkorn undervegs i denne fire timar lange framsyninga. Horn vil nemleg la publikum sitte aleine i salen og sjå dramaet spele seg ut på ein storskjerm.

Humoren får fram alvoret

Gjennom grepet med å la skodespelarane spele framsyninga i teaterets gangar og smårom live på kamera, får publikum i salen komme tett på hovudpersonens stadig meir angstfulle og paranoide jakt på sitt eige motiv for ugjerningane han har begått. - Det er eit heilt vanvettig opplegg eigentleg, eit heilt ubegripeleg samansurium av parykkar og leidningar og bartar og skjegg – eit kaos utan like. Det rare er at dette tullballet faktisk kler Dostojevskijs roman ganske godt, meiner Horn. - Det er noko med kombinasjonen av humor og alvor som vekker noko nytt i teksten.

Er nokre heva over moralen?

Raskolnikov (Preben Hodneland) er ein lutfattig student som begynner å fable med tanken om verda er befolka av to mennesketypar. Den eine er overlegen den andre og kan utføre handlingar der moralen kan settes til side, så lenge det fører til eit større gode for fleire. Med denne idéen i bakhovudet myrdar han ei pantelånarske og søstera hennar, for å bruke verdiane deira til å finansiere vidare studiar og sin eigen familie. Men skuldkjensla og tvilen slår han i bakken som ein flodbølgje, og han blir både fysisk og psykisk sjuk av angst og kvalar.

Ein av verdas største klassikarar

Raskolnikov er ei dramatisering basert på Fjodor Dostojevskijs roman Brotsverk og straff. Kombinasjonen av kriminalroman og sjeledrama har gitt boka ein udiskutabel plass som ein av dei største romanklassikarane i verda. Sjølv om handlinga går føre seg i St. Petersburg på midten av 1800-talet, fascinerer Dostojevskijs analyse av forbrytelsens psykologi stadig nye lesarar verda over, og boka er filmatisert og sett opp som teater utallige gonger.

Les meir om teaterframsyninga på teaterets nettsider.

Sterke kunstnarlege krefter

Det Norske Teatrets nye husregissør, Kjersti Horn, har markert seg som regissør som skapar direkte og upolerte teateropplevingar. Sist ho gjesta teatret var med Valdens historie av Edouard Louis. Som vanleg har ho med seg ektemannen Erik Hedin på lyddesign. I tillegg er Mads Sjøgård Pettersen med på kameraregi og Sven Haraldsson er ansvarleg for "scenografien".

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge