Gå videre til innhold
Framsyninga er full av musikk og humor, og Iren Reppen har eit sterkt "manneband" i ryggen. Foto: Dag Jenssen.
Framsyninga er full av musikk og humor, og Iren Reppen har eit sterkt "manneband" i ryggen. Foto: Dag Jenssen.

Pressemelding -

Reppen tilbake med ny soloframsyning

For 26 år sidan tok unge Iren Reppen Noreg med storm med soloframsyninga Det e hardt å være mainn. Framsyninga blei filma og sendt på TV, musikken blei spelt inn på CD og spelt i radioen. To sjefsjobbar seinare er Reppen framleis tøff i trynet. Denne gangen handlar det om at "Det e hardt å være b**ch".

DET E HARDT Å VÆRE B**CH
AV OG MED IREN REPPEN, MED MUSIKK AV SVEIN GUNDERSEN
URPREMIERE LAURDAG 29. MAI KL. 18.30
SCENE 2

Det Norske Teatret kan igjen opne dørene for premierepublikum med framsyninga der Iren Reppen i eit slags sjølvransakande eventyr spør seg sjølv om ho på jakt etter makt eigentleg blei... ein bitch. Den unge jenta frå nord ønska seg opp og fram, kjente at ho hadde noko å by på, noko meir. Ho opplevde å bli hylla for showet sitt - men også at alle lo av henne. Ein norsk komikar klipte ut ein sekvens av framsyniga hennar og laga ein komisk karakter. Ho lo med, men inst inne var ho vel eigentleg litt såra?

Kva er makt?

Alt dette blei gløymt da telefonen ein dag ringte, og ho blei headhunta til toppjobben ved Hålogaland Teater. Ein teatersjefperiode seinare førte vegen henne vidare som kunstnarleg leiar for Peer Gynt-stemnet på Gålå. I Det e hardt å være b**ch sundersøker ho kva den berusande kjensla av å makt gjer med ein. Gjennom eigne tekstar og til musikk av Svein Gundersen, leiar Reppen og bandet hennar publikum gjennom erfaringar og ambisjonar, håp og eit brennande ønske om å vere god nok. For kven er ein som menneske, og kven blir ein i rolla som sjef? Kva gjer makt og posisjon med ein? 


Les meir om Det e hardt å være b**ch på nettsidene.

Det e hardt å være mainn på NRK.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge