Gå videre til innhold
Endre (Morten Svartveit) får ein muskelsjukdom som gjer det umogleg for han å drive garden han arvar. Foto: Eirik Malmo.
Endre (Morten Svartveit) får ein muskelsjukdom som gjer det umogleg for han å drive garden han arvar. Foto: Eirik Malmo.

Pressemelding -

Ruth Lillegravens Sigd blir teater

"Ei uvanleg vakker diktsamlig", sa juryen i Nynorsk litteraturpris om diktromanen Sigd av Ruth Lillegraven i 2016. Boka skal bli omsett til fem språk og er blitt nominert til den tyske litteraturprisen Hotlist. No blir dikta til teater.

På Scene 3 får Sigd nytt liv. Skodespelarane Morten Svartveit, Kjærsti Odden Skjeldal og Gard Skagestad startar i eit nakent rom. Med hjelp av Lillegravens vakre bildespråk, Magnus Myhrs talande rørsler, regissør Peer Perez Øians regi og til Bendik Giskes suggererande klubb- og frijazz-inspirerte musikk, malar dei fram eit teatralt univers med fjordar, jord, skodde og fjell. Korleis er det å vere ein skuffelse, både for seg sjølv, familien og forfedrane? 

Arven som tynger
Endre veks opp som odelsgut i ei vestlandsbygd på 1800-talet. Arven og forventningane frå faren tyngar guten, det er som om han tidleg skjønar at han vil skuffe faren. Mora klagar over at han ikkje er som søskena sine. Faren snakkar tidleg til han som ein vaksen. Og Endre byrjar å leve i fantasien, der han kan vere seg sjølv. 

Les meir: Eg blei bergteke første gongen eg las Sigd, seier skodespelar Morten Svartveit, som er blitt folkekjær som klubbleiar i Varg IL i NRK-satsinga Heimebane.

Bonde utan gard
Han treffer Abelone, giftar seg og tek over garden. Framfor Endre ligg ei framtid lik den far hans og fedrane før han har hatt. Men så blir han sjuk og sengeliggjande, og garden lyt seljast. Kven er Endre utan retten og plikta han er fødd til? Kva skal han no leve for? Det er da bøkene kjem, frå andre sida av havet, og tek Endre med ut i verda. Med bøkene og fantasien får han reise jorda rundt. 

Litteraturens magiske verd
Sigd er ei forteljing om eit enkelt, men samstundes storslått liv. Om dei universa bøkene kan opne, og korleis ein mann som er bunden til senga kan ta del i oppdagingar i land langt borte. Det er ei forteljing om ei tid som ikkje finst meir, men som likevel er til å kjenne att. Og det er kjærleikshistoria om Endre og Abelone. Eit par som til slutt må lage seg sitt heilt eige språk for å kunne snakke i lag.

Les meir om Sigd på Det Norske Teatrets nettsider.

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter