Gå videre til innhold
Skodespelar Jenny Mueni Ndunda i Linje 5 av Zeshan Shakar og Don Martin er av den typen historier Det Norske Teatret og Samlaget ønskjer fleire av. Foto: Dag Jenssen.
Skodespelar Jenny Mueni Ndunda i Linje 5 av Zeshan Shakar og Don Martin er av den typen historier Det Norske Teatret og Samlaget ønskjer fleire av. Foto: Dag Jenssen.

Pressemelding -

Samlaget og Det Norske Teatret leiter etter nye stemmer

I samband med Den Internasjonale Fossefestivalen 2021 utlyser forlaget og teateret ein skrivekonkurranse for å finne historier, erfaringar og forteljingar frå skribentar med minoritetsbakgrunn og/eller fleirkulturell bakgrunn.

- Å spegle samfunnet er teaterets oppgåve, og Det Norske Teatret har sidan 2012 arbeidd jamnt og trutt med å gjere dette betre, seier teatersjef ved Det Norske Teatret, Erik Ulfsby, som no rettar merksemda mot dei skrivande premissleverandørane i feltet. I 2012 starta teateret opp skodespelarutdanninga Det Multinorske for skodespelarspirer med familiebakgrunn utanfor Europa. Utdanninga kan snart notere tre kull med til saman 14 skodespelarar som har prega norsk scenekunst, TV-produksjonar og film den seinare tida.

- Men å spegle samfunnet er ikkje noko ein blir ferdig med. Det er eit puslespel ein stadig må legge nye brikker til. Samarbeidet med Samlaget om ein skrivekonkurranse der vi ser etter personar med  fleirkulturell- eller minoritetsebakgrunn, er neste brikke i puslespelet, seier teatersjefen.
- Vi er på jakt etter historier, erfaringar og forteljingar som kan bli til bok eller framsyning på scenen. Eller gjerne begge delar! understrekar han, og legg til at tekstane kan ha barn, ungdom eller vaksne som målgruppe og at det vil vere ein premie på 30.000 til den som vinn konkurransen.

Teatersjef Erik Ulfsby og forlagssjef i Samlaget, Håkon Kolmannskog, håpar å finne nye og uventa stemmer blant bidraga til konkurransen, som har innsendingsfrist 1. mai 2021.

Les meir om skrivekonkurransen på nettsidene

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge