Gå videre til innhold
Martine Næss Johansen, Zezé Kolstad og Jae Nyamburah er det tre regi-spirene som skal løftast fram og få prøve seg gjennom Spire-prosjektet. Foto: Glenn Ruben Engen/Erika Hebbert/Michael Gauss.
Martine Næss Johansen, Zezé Kolstad og Jae Nyamburah er det tre regi-spirene som skal løftast fram og få prøve seg gjennom Spire-prosjektet. Foto: Glenn Ruben Engen/Erika Hebbert/Michael Gauss.

Pressemelding -

Satsing på kvinnelege regissørar

Med Spire-prosjektet ønskjer Det Norske Teatret å løfte fram nye, kvinnelege regitalent.

- Det er ingen løyndom at kvinnelege regissørar er mangelvare i teatret. Og kvinner med minoritetsbakgrunn eksisterer omtrent ikkje i norsk teaterhistorie i det heile. Dette må vi gjere noko med, seier kunstnarleg leiar ved Det Norske Teatret i Groruddalen, Belinda Braza.
Våren 2022 kjem difor tre regissør-spirer som interesserer seg for å lage teater, film og tekst med ei ung målgruppe i tankane til Det Norske Teatret i Groruddalen. Dei vil få jobbe med ei gruppe ungdomar med teaterinteresse, gjerne med base i Groruddalen - og på det viset blir Spire-prosjektet samstundes eit løft for ungdomsteateret. Spirene er Martine Næss Johansen, Zezé Kolstad og Jae Nyamburah - alle med brei, men ulik, sceneerfaring frå før.

- Vi er veldig glade for å ha fått tre så sterke, engasjerte og tydelege stemmer med oss, og er svært spente på kva dei kjem til å lage og korleis, seier Braza.
Næss Johansen, Kolstad og Nyamburah skal sette opp kvar si teatervising under oppfølging av regissørmentorane Kjersti Horn og Marit Moum Aune. Verkstadvisingane vil bli sett saman til ei heilaftans uformell teateroppleving på Rommen Scene i Groruddalen til våren.
- Håpet er at dette prosjektet vil vere ein katalysator for for både nye regissørar og nye tema i teatret, avsluttar Baza.


RELATERTE SAKAR:

Det Norske Teatret i Groruddalens skrivekonkurranse for dei som har ein god penn og bakgrunn frå Groruddalen.


Gnist: Det Norske Teatret i Groruddalen søker ungdom med interesse for lys, lyd, scenografi og maske.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Relatert innhold

  • Martine Næss Johansen, Zezé Kolstad og Jae Nyamburah.

    Kvinnelege regissørar med minoritetsbakgrunn debuterer

    - Det detyr mykje for meg å få vere en del av Spire. Mellom anna har eg lært viktigheita av å vere ein god leiar, seier Jae Nyamburah. Ho er tidlegare student ved teaterutdanninga det Multinorske, og no er ho ein av tre som har fått prøve seg innan regifaget med Spire, eit kurs for kvinnelege regispirer med minoritetsbakgrunn. 30. mars skal resultatet frå ein månads intens verkstad bli vist for pu

  • Jae Nyamburah og Martine Næss Johansen held fram med prosjektet Spire.

    Skeiv tematikk på dagsordenen

    Jae Nyamburah og Martine Næss Johansen representerer begge minoritetar i samfunnet. Gjennom regissørutviklings-prosjektet Spire vil dei sette ulike skeive tematikkar på dagsordenen.
    SPIRE
    To prosjektvisingar i løpet av ein kveld
    VISINGAR 4. - 7. OKTOBER
    PÅ ROMMEN SCENE

    Martine Næss Johansen ønskjer med si vising Skeive skikkar/Stolte riter, basert på eigne tekstar, å rette fokus