Gå videre til innhold
Jae Nyamburah og Martine Næss Johansen held fram med prosjektet Spire.
Jae Nyamburah og Martine Næss Johansen held fram med prosjektet Spire.

Pressemelding -

Skeiv tematikk på dagsordenen

Jae Nyamburah og Martine Næss Johansen representerer begge minoritetar i samfunnet. Gjennom regissørutviklings-prosjektet Spire vil dei sette ulike skeive tematikkar på dagsordenen.

SPIRE

To prosjektvisingar i løpet av ein kveld
VISINGAR 4. - 7. OKTOBER
PÅ ROMMEN SCENE

Martine Næss Johansen ønskjer med si vising Skeive skikkar/Stolte riter, basert på eigne tekstar, å rette fokus mot fråveret av overgangsriter og skikkar for dei som kjenner annleis enn majoritetskulturen. Ho vil også postulere nokre forslag til korleis dette kanskje kan vere. 

Jae Nyamburah vil i I K K J E E I T E M N E ta utgangspunkt i både eigne og andres tekstar for å ta opp behovet for å sette merkelappar på folk. Hovudpersonen i visinga hennar ønskjer å vere den ho er - kle seg som ho vil og oppføre seg som ho vil - men utan å bli sett i bås.

LES MEIR: - Å kome inn i eit miljø du ikkje kjenner kan vere skremmande. Det som frå utsida verkar liberalt, tolerant og ope, kan vise seg å vere vanskeleg å navigere i, seier Jae Nyamburah.


Begge visiningane er del av Det Norske Teatret i Groruddalens prosjekt for å utvikle nye kvinnelege regitalent med minoritetsbakgrunn.
- Det er ingen løyndom at kvinnelege regissørar er mangelvare i teateret. Det er heller inga stor overrasking at kvinner med minoritetsbakgrunn faktisk omtrent ikkje eksisterer i norsk teaterhistorie. Gjennom regiprosjektet Spire ønskjer vi å gjere noko med dette, seier kunstnarleg leiar for Det Norske Teatret i Groruddalen, Belinda Braza.
Spire-visingane er ei vidareføring av Spire-prosjektet frå i vår, der Nyamburah og Næss Johansen prøvde seg som regissørar for første gong.

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Relatert innhold

  • Martine Næss Johansen, Zezé Kolstad og Jae Nyamburah er det tre regi-spirene som skal løftast fram og få prøve seg gjennom Spire-prosjektet. Foto: Glenn Ruben Engen/Erika Hebbert/Michael Gauss.

    Satsing på kvinnelege regissørar

    Med Spire-prosjektet ønskjer Det Norske Teatret å løfte fram nye, kvinnelege regitalent.

    - Det er ingen løyndom at kvinnelege regissørar er mangelvare i teatret. Og kvinner med minoritetsbakgrunn eksisterer omtrent ikkje i norsk teaterhistorie i det heile. Dette må vi gjere noko med, seier kunstnarleg leiar ved Det Norske Teatret i Groruddalen, Belinda Braza.
    Våren 2022 kjem difor tre re

  • Martine Næss Johansen, Zezé Kolstad og Jae Nyamburah.

    Kvinnelege regissørar med minoritetsbakgrunn debuterer

    - Det detyr mykje for meg å få vere en del av Spire. Mellom anna har eg lært viktigheita av å vere ein god leiar, seier Jae Nyamburah. Ho er tidlegare student ved teaterutdanninga det Multinorske, og no er ho ein av tre som har fått prøve seg innan regifaget med Spire, eit kurs for kvinnelege regispirer med minoritetsbakgrunn. 30. mars skal resultatet frå ein månads intens verkstad bli vist for pu