Gå videre til innhold
Ein dag blir kjolebandet for stramt for Snøkvit (Charlotte Frogner). Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret. Bildet er tatt under prøvane.
Ein dag blir kjolebandet for stramt for Snøkvit (Charlotte Frogner). Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret. Bildet er tatt under prøvane.

Pressemelding -

Snøkvit gjer opprør mot skjønheitstyranniet

Kvifor er ikkje dronninga lykkeleg sjølv om ho er verdas penaste? I denne splitter nye variasjonen over eventyret om Snøkvit, har Charlotte Frogner hovudrolla som den opprørske prinsessa som frigjer seg frå mora og tek eit oppgjer med skjønnheitstyranniet.

SNØKVIT
AV MARIA TRYTI VENNERØD OG JULIAN SKAR
URPREMIERE 7. OKTOBER KL. 18.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Snøkvit veks opp blant skyhøge parykkar, overdrivne og barokke kjolar, pudderkvastar, støvkostar og eit hav av tyll - som ein mini-versjon av mora, som er dronning. Dronninga (Ingeborg Sundrehagen Raustøl) har ein krinoline så stor at ho må bli trilla rundt på hjul og ser latterleg ut - men det er det ingen som seier, for ho er jo verdas penaste. Å ha ei mamma som er så vakker, bu på eit slott med eit heilt hoff parat til å hjelpe med alt mogleg, og å vere prinsesse – det høyrest ut som eit eventyr. Og slik er det for Snøkvit. Heilt til kjolebandet ein dag blir for stramt....

Opprørsk Snøkvit

Ho kjenner på seg at verda må ha noko meir å by på enn speglar. Ho vil for eksempel utforske den hemmelege verda utanfor spegelslottet, der gartnarguten Jan Grøn (Hermann Sabado) held til. Dronninga synest det er ein dårleg ide. Ho vil at Snøkvit skal sjå seg i spegelen og øve på sjølv å bli verdas vakraste.

Nytt eventyr og ny musikk

Ekteparet Maria Tryti Vennerød og Julian Skar har lenge drøymt om å skrive ein musikal i lag, og no blir det endeleg alvor av planane. Ho har skrive eit heilt nytt barnestykke og songtekstar inspirert av det kjende eventyret til Brørne Grimm, han har komponert musikken og melodiane. – Snøkvit er jo eigentleg ei grotesk historie, seier Tryti Vennerød. – I den eldste versjonen var det heller ikkje snakk om ei stemor. Det var ei ekte mor som ikkje kunne halde ut at dottera blei ei vakrare kvinne enn ho sjølv, og eg har villa sjå nærmare denne forteljinga. Forholdet deira er ikkje lenger slik mora ønskjer. Snøkvit tar eit oppgjer med si eiga mor og med seg sjølv. Ho vil finne ut kven ho er og kva som er hennar sanning.

Les meir om Snøkvit på Det Norske Teatrets nettsider.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • I hagen møter Snøkvit gartnarguten Jan Grøn.
    I hagen møter Snøkvit gartnarguten Jan Grøn.
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2732 x 4198, 1.23 MB
    Last ned
  • Snøkvit synest det er urettferdig at ho ikkje får gå ut og leike i hagen.
    Snøkvit synest det er urettferdig at ho ikkje får gå ut og leike i hagen.
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3237 x 4849, 932 KB
    Last ned
  • Ein dag kjennest kjolebandet for stramt for Snøkvit. Ho vil ut og oppdage verda!
    Ein dag kjennest kjolebandet for stramt for Snøkvit. Ho vil ut og oppdage verda!
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5289 x 3531, 1.4 MB
    Last ned
  • Snøkvit er som mora oppteken av utsjånaden, inntil ein dag...
    Snøkvit er som mora oppteken av utsjånaden, inntil ein dag...
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5357 x 3576, 1.33 MB
    Last ned
  • Dronninga med hoffmarskalk.
    Dronninga med hoffmarskalk.
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3919 x 3466, 1020 KB
    Last ned
  • Dronninga er besett av å sjå pen ut.
    Dronninga er besett av å sjå pen ut.
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3513 x 5263, 1.54 MB
    Last ned
  • Snøkvit rømmer
    Snøkvit rømmer
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4016 x 6016, 1.07 MB
    Last ned
  • Smakebit på musikken til Snøkvit
    Spill av video
    Smakebit på musikken til Snøkvit
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .mp4
    Lengde:
    0:56
    Last ned

Relatert innhold

  • Hermann Sabado er på Det Norske Teatret for første gong.

    HERMANN SABADO – AKTUELL SOM JAN GRØN

    Eg er utruleg glad for at min eigen barndom var fri frå internett og det umenneskelege kroppspresset barn og unge blir utsette for i dag gjennom sosiale media.

  • FRYDEFULLT OG FANTASIEGGJANDE

    FRYDEFULLT OG FANTASIEGGJANDE

    ​- I denne versjonen av Snøkvit gler det ein gammal feminist som meg at «vår» Snøkvit i Maria Tryti Vennerøds versjon er ei sterk og handlande jente med opprørstrong. Det treng vi i ei verd som for barn blir meir og meir rosa og lyseblå, seier scenograf Unni Walstad.