Gå videre til innhold
Kaia Varjord speler Mari, 29 år, som foreldra berre kallar "Vår vesle". Ho lever bokstaveleg talt i ei boble. Foto: Bård Gundersen.
Kaia Varjord speler Mari, 29 år, som foreldra berre kallar "Vår vesle". Ho lever bokstaveleg talt i ei boble. Foto: Bård Gundersen.

Pressemelding -

Sosialdemokratiets feilslåtte prosjekt

Kan det vere slik at alle velferdsordninger, sosiale retter og prinsipp som ligg til grunn for at alle skal kunne lykkast i samfunnet, er i ferd med å spenne bein under seg sjølv? At samfunnet og foreldras sikkerheitsnett er så sterkt at barna ikkje blir rusta for å takle dei utfordringar som kjem i eit heilt vanleg liv?

VÅR VESLE
av Kristin Auestad Danielsen
URPREMIERE 5. SEPTEMBER KL. 20.30
SCENE 3

Mari er blitt passasjer i eige liv. Ho har vore flink og trudde ting skulle ordne seg. Men så blei det visst litt vanskeleg. Ho gjorde det bra under studia i kunsthistorie i Stockholm, fekk gode karakterar og tok master. Men så var det visst noko med ein abort, og det blei slutt med kjærasten. Så flytte Mari heim til foreldra, og der har ho blitt. Ingenting hender, medan inkassokrava hopar seg opp og livet glir forbi. Foreldra let henne bu i sokkelleilegheita, skaffar henne bil - men blir i stuss når ho vil at dei skal hjelpe henne økonomisk med å kjøpe bygdas dyraste hus. Ho, som ikkje har nokon jobb.

Foreldra er i villrede. Kva skjedde eigentleg? Er ho deprimert? Har dei gjort noko gale?


ALLE BARN ER UNIKE

Snøflakbarna, kallar nokre dei. Dei har fått sydd puter under armane, seier andre. Mange kjenner nokon som ikkje fiksa livet. Men kan det hende at desse unge er eit logisk sluttprodukt av det Gerhardsenske sosialdemokratiet etter oljealderens inntog? At dei ikkje er skodde for motgang? Kanskje ingen har fortald dei at kunstnar eller kunsthistorikar er yrke det ikkje er skrikande behov for i samfunnet, og at ein må førebu seg på å jobbe med noko anna enn ein har drøymt om, eller jobbe veldig hardt for å oppnå det ein ville. Og at det kanskje ikkje går likevel.
Alle er unike. Alle skal bli noko bra, interessant eller kreativt. Vi har blitt vane med at om ein berre er flink og gjer det ein skal, så ordnar det seg.

Men slik er ikkje livet, er det vel?

KRISTIN AUESTAD DANIELSEN

Forfattar, dramatikar og poet Kristin Auestad Danielsen. Foto: Dag Knudsen.

Med skarpt blikk for det som er vanskeleg å gripe ved samtida, skildrar dramatikar, poet og forfattar Kristin Auestad Danielsen korleis ei ganske vanleg jente har det, og korleis omgivnadene rundt reagerer på dette. Foreldra blir frustrerte og lei seg, gamle skolekameratar i bygda synest ho er interessant, medan Mari har gitt opp, skuffa over alt livet ikkje blei.
Vår vesle kjem samtidig ut som roman på Samlaget i samband med premieren.

Les meir om Vår vesle på Det Norske Teatrets nettsider.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge