Gå videre til innhold
Ellen Bendu og Kaia Varjord spelar ei og same rolle, men i ulike aldrar i framsyninga Tatovering på Rommen Scene. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.
Ellen Bendu og Kaia Varjord spelar ei og same rolle, men i ulike aldrar i framsyninga Tatovering på Rommen Scene. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Pressemelding -

Suksessframsyning frå Danmark i norsk versjon

Da faren til regissør Anna Malzer blei alvorleg sjuk, bestemte ho seg for å lage teater om dei spørsmåla som oppstod da ho skulle ta farvel. Tatovering er ei framsyning basert på ekte følelsar, seier ho sjølv.

TATOVERING
av Anna Malzer
NOREGSPREMIERE TORSDAG 15. FEBRUAR KL. 19.00
DET NORSKE TEATRET I GRORUDDALEN, ROMMEN SCENE

Berre 27 år gamal blei Anna Malzer direktør for forstadsteateret Mungo Park utanfor København. Kort tid etter tilsetjinga blei far hennar alvorleg sjuk, og den ferske teatersjefen innsåg at ho ikkje visste korleis ho skulle ta farvel, fordi ho ikkje hadde vokst opp med faren tett på. Det var sårt, og no var det snart for seint. Denne akutte situasjonen førte til at ho hadde ei viktig historie å fortelje, noko ho skjønte at mange andre også kunne kjenne seg igjen i. Ho inviterte venner og kjente på besøk og snakka om oppvekst og forholdet til fedre.

- Far min døydde også tidleg, eg budde også åleine med mor mi og historia er inspirert av verkelegheita, sjølv om ho ikkje er ein til ein, seier Anna Malzer. Les heile intervjuet her.

Teaterhit frå Danmark

Resultatet blei framsyninga Tatovering, som fekk premiere på hennar eige teater under pandemien. «28-årig teaterkomet imponerer igen (...) TATOVERING gør kvindelig ungdom relevant for alle (...) Det er en scenekunstnerisk magtdemonstration. Mungo Parks teaterdirektør Anna Malzer kan det hele» skreiv for eksempel Jyllandsposten. Kritikarar og eit ungt publikum tok framsyninga imot med opne armar, og tre år etter kan ein framleis oppleve Tatovering på Mungo Park. No er Anna Malzer komen til Noreg for å sette opp hit-framsyninga ved Rommen Scene i Groruddalen for Det Norske Teatret, i ein versjon tilpassa norske forhold.

Oppvekst utan rammer

Tatovering er ei djupt personleg, ærleg og eksplosiv forteljing om ei ung kvinne (Ellen Bendu) som har vakse opp i eit maskulint miljø, med ein fråverande far. Gjennom tilbakeblikk møter ho seg sjølv som ungdom (Kaia Varjord). Dei to – den unge vaksne og den unge jenta - er ueinige om kva som er sant, og korleis dei ønskjer at historia skal bli fortald. Og ikkje minst er dei ueinige om kva ein kan eller bør snakke om.  Med energi, levande språk og masse humor, er dette ei framsyning laga med eit ungt publikum i tankane. Det er sorg, seksualitet, einsemd - og eit veksande sinne. Kampen for å forme eigen identitet som ung, gjer ein utsett og sårbar. 

- Når ein ikkje har vaksne rundt seg som set grenser og rammer, så kan ein ende opp med å teste kor langt ein kan pushe det for å få ein reaksjon. Før nokon bryr seg, forklarar skodespelaren, seier skodespelar Ellen Bendu. Les heile intervjuet her.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Uttrykk Tatovering
    Uttrykk Tatovering
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    5598 x 3149, 3.99 MB
    Last ned
  • Ellen Bendu
    Ellen Bendu
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    4464 x 2976, 2.58 MB
    Last ned
  • Ellen Bendu og Anna Malzer
    Ellen Bendu og Anna Malzer
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    3686 x 2458, 1.52 MB
    Last ned
  • Anna Malzer
    Anna Malzer
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    3337 x 2225, 1.02 MB
    Last ned
  • Kaia Varjord
    Kaia Varjord
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    4822 x 3214, 8.94 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tatovering
    Framsyningsfoto Tatovering
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    5376 x 3584, 6.25 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tatovering
    Framsyningsfoto Tatovering
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    5376 x 3584, 8.93 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tatovering
    Framsyningsfoto Tatovering
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    4600 x 3066, 5.4 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tatovering
    Framsyningsfoto Tatovering
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    5286 x 3524, 6.64 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tatovering
    Framsyningsfoto Tatovering
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    5381 x 3587, 8.14 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tatovering
    Framsyningsfoto Tatovering
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    5466 x 3644, 7.68 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tatovering
    Framsyningsfoto Tatovering
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    5606 x 3738, 7.17 MB
    Last ned
  • Intervju med Anna Malzer om Tatovering
    Spill av video
    Intervju med Anna Malzer om Tatovering
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .mp4
    Lengde:
    1:30
    Last ned