Gå videre til innhold
Svein Tindberg har stått åleine på scenen i ei rekkje framsyningar som tek opp trusspørsmål. No sist i Gudspartikkelen, som bildet er henta ifrå. Foto: Dag Jenssen.
Svein Tindberg har stått åleine på scenen i ei rekkje framsyningar som tek opp trusspørsmål. No sist i Gudspartikkelen, som bildet er henta ifrå. Foto: Dag Jenssen.

Pressemelding -

Svein Tindberg får Vennelagsprisen 2022

I går kveld mottok Det Norske Teatrets skodespelar Svein Tindberg Vennelagsprisen 2022 frå Venner av Det Norske Teatret.

Prisen er på 30.000 kr., og skal i følgje vedtektene bli gitt til ein som er fast tilsett ved Det Norske Teatret, og som har gjort ein viktig innsats for teateret i seinare tid.

Svein Tindberg er ein utøvande kunstnar som gjennom mange år har via sitt engasjement til tematisering av religiøse spørsmål og gudstru. Størst suksess har han hatt med einmanns-framsyningane Evangeliet etter Markus i 1995, Apostlenes gjerninger i 2000 og Abrahams barn i 2011/2012 på Det Norske Teatret, der dei tre verdsreligionane jødedom, kristendom og islam står sentralt.

I grunngjevinga for tildelinga frå Venner av Det Norske Teatret heiter det vidare: 
"Monologframsyningane syner tru på dei religiøse tekstene si eiga formidlingskraft, og slik har Svein Tindberg medverka til å fornye forteljartradisjonen kring denne typen tekster.

I 2021 kom den fjerde framsyninga i rekkja, Gudspartikkelen, også denne i samarbeid med instruktør Kjetil Bang-Hansen, som dei tre ovannemnde framsyningane. For styret i Vennelaget er det i særleg grad Gudspartikkelen som ligg til grunn for tildelinga av Vennelagsprisen. Svein Tindberg fortel at han har kjent ei konflikt i seg sjølv mellom tru og rasjonalitet, og ønskjer å stille dei store spørsmåla: Finns Gud, eller finns ikkje Gud? Dette har gjeve oss ei framsyning som er ein eineståande kunstnarleg prestasjon, og det er stor formidlingskunst om særdeles viktige tema. Ikkje minst i den tida vi lever i nå treng vi ei slik tankevekkande, grenseoverskridande, varm og også humoristisk forteljing."

Kontaktpersonar i Venner av Det Norske Teatret:

Kjell Austin, leiar4150 9460 / kaustin@online.no
Yngvil Kiran, nestleiar4812 8027 / yngvil.kiran@gmail.com

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Framsyningsfoto Gudspartikkelen
    Framsyningsfoto Gudspartikkelen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6000 x 4000, 6.27 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Gudspartikkelen
    Framsyningsfoto Gudspartikkelen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    7680 x 4320, 3.28 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Gudspartikkelen
    Framsyningsfoto Gudspartikkelen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5142 x 3941, 3.62 MB
    Last ned

Relatert innhold

  • Svein Tindberg held fram med å gruble på dei store spørsmåla. Kan han tru både på vitskapen - og på Gud? Foto: Magnus Skrede.

    Tindberg og Bang-Hansen med ny framsyning: Må ein velje mellom tru og vitskap?


    Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen er tilbake med nok ei framsyning med undring over temaet å tru på noko større. Denne gongen er dei ute etter å finne ut av om det faktisk går an å tru - ja, tru - på vitskapen og på Gud?
    GUDSPARTIKKELEN
    av Svein tindberg og Kjetil Bang-Hansen
    URPREMIERE ONSDAG 10. NOVEMBER
    PÅ SCENE 2
    Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen har teke for seg Mark