Gå videre til innhold
Svein Tindberg held fram med å gruble på dei store spørsmåla. Kan han tru både på vitskapen - og på Gud? Foto: Magnus Skrede.
Svein Tindberg held fram med å gruble på dei store spørsmåla. Kan han tru både på vitskapen - og på Gud? Foto: Magnus Skrede.

Pressemelding -

Tindberg og Bang-Hansen med ny framsyning: Må ein velje mellom tru og vitskap?

Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen er tilbake med nok ei framsyning med undring over temaet å tru på noko større. Denne gongen er dei ute etter å finne ut av om det faktisk går an å tru - ja, tru - på vitskapen og på Gud?

GUDSPARTIKKELEN
av Svein tindberg og Kjetil Bang-Hansen
URPREMIERE ONSDAG 10. NOVEMBER
PÅ SCENE 2

Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen har teke for seg Markus-evangeliet, Apostlanes gjerningar og Abrahams barn tidlegare. No er det temaet tru mot vitskap. Må ein velje mellom dei to? Tindberg har dårleg tid på å finne svar. Den meritterte skodespelaren er mellom teatrets eldste. Framleis nysgjerrig, men avgjort nærare døden. Han treng svaret no!
- Det finst to forklaringsmodellar på at vi menneske i det heile tatt er her. Ein vitskapeleg, som baserer seg på ei lang rekke tilfeldigheiter. Og så er det ein forklaringsmodell som påstår at det ligg ei meining, ein skapar bak det heile. Desse to stemmene i meg handlar Gudspartikkelen om. Må eg velje? undrar skodespelar og dramatikar Tindberg.

LES MEIR: Har vitskapen forklart oss alt? Intervju med Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen

Teatret som forskingsmetode

For å prøve å finne svar tek Tindberg og regissør og meddramatikar Kjetil Bang-Hansen publikum med på ei reise tilbake i tid, til Sveins barndom på teatret og til møte med fortidas vitskapsmenn som Aristoteles, Galileo, Newton og Einstein. Dei tek i bruk teaterarbeidarens utprøvande metodar og testar dei på forskinga. Teateret kan få publikum til å tenkje annleis, det kan snu om på det vedtatte - og kanskje finne eit svar? Eller kanskje finn ein fornya og forsterka undring.
- Kan moderne menneske i det heile tatt tru, spør Kjetil Bang-Hansen.
- Er tru berre mangel på kunnskap? Det er lett å sjå kva menneske har trudd på opp gjennom historia, men som dei har vore nøydde til å sleppe etter kvart som vitskapen har vist oss at det er andre forklaringar. Men utelukkar vitskapen moglegheita for å tru? spør regissøren.
For har vitskapen har forklart alt, eller er det faktisk enno rom for undring? Finst Gud også i fysikken? 

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Framsyningsfoto Gudspartikkelen
    Framsyningsfoto Gudspartikkelen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    7680 x 4320, 3.28 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Gudspartikkelen
    Framsyningsfoto Gudspartikkelen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6000 x 4000, 6.27 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Gudspartikkelen
    Framsyningsfoto Gudspartikkelen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5142 x 3941, 3.62 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Gudspartikkelen
    Framsyningsfoto Gudspartikkelen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4000 x 6000, 8.2 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Gudspartikkelen
    Framsyningsfoto Gudspartikkelen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4676 x 3866, 4.77 MB
    Last ned

Relatert innhold

  • Svein Tindberg har stått åleine på scenen i ei rekkje framsyningar som tek opp trusspørsmål. No sist i Gudspartikkelen, som bildet er henta ifrå. Foto: Dag Jenssen.

    Svein Tindberg får Vennelagsprisen 2022

    I går kveld mottok Det Norske Teatrets skodespelar Svein Tindberg Vennelagsprisen 2022 frå Venner av Det Norske Teatret.
    Prisen er på 30.000 kr., og skal i følgje vedtektene bli gitt til ein som er fast tilsett ved Det Norske Teatret, og som har gjort ein viktig innsats for teateret i seinare tid.
    Svein Tindberg er ein utøvande kunstnar som gjennom mange år har via sitt engasjement til temat

  • Onsdag 15. mars blir det igjen direktestrøymd teater frå scenen. Foto: Dag Jenssen.

    Svein Tindberg direkte heim


    Det Norske Teatret held fram den ambisiøse i satsinga på direktestrøyming av teater. Denne gongen er det den nest siste framsyninga av Gudspartikkelen som kan opplevast frå sofaen heime.
    Direktestrøyming av GUDSPARTIKKELEN
    av Svein Tindberg og Kjetil Berg-Hansen
    ONSDAG 15. MARS KL. 19.30
    I STOVA D


    Er fysikkens "big bang" og Guds "bli lys" eigentleg ein og same sak? Det e