Pressemelding -
Teater om å vere migrant
Vinduer er ei framsyning om å migrere, frivillig eller under tvang, og viktigheita av bli forstått og gjere seg forstått. På scenen står eit sterkt ensemble som også har sine ulike bakgrunnar.
VINDUER
AV VERONICA SALINAS
URPREMIERE 15. JUNI KL. 20.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET
Vi blir presenterte for seks ungdommar med ulik kulturell og geografisk bakgrunn. Dei er frå forskjellige delar av verda: Noreg, Argentina, Kongo, USA, Iran og Japan. Vindauge blir opna til ei verd utan klare grenser, men der dei gamle grensene likevel står som stengsel. Dramatikar Veronica Salinas ønskjer med dette å gi stemme til dei som sjeldan blir høyrde. I korte glimt høyrer vi stemmer frå ei seng i Buenos Aires, ein søppelplass utanfor Paris, ei stove i Karasjok, ei strand ved Fukushima, eit toalett i USA og ei containarhamn i Afrika. Vi høyrer unge stemmer som vil vekk, vidare og fram. Ei rad augeblinkar som til saman gir eit bilde av unge i verda i dag.
Sterke sceneutøvarar med ulik bakgrunn
Dramatikar Veronica Salinas har sjølv kome til Noreg i vaksen alder. I sitt virke som forfattar, skodespelar og dramatikar er ho alltid oppteken av spørsmål knytt til identitet og det å kunne uttrykke seg. På scenen står seks utøvarar som også har ulik bakgrunn: Sarakka Gaup har samisk bakgrunn, Beatur er beatboksar frå Island, Taro Vestøl Cooper er slampoet, Amalie Hyun Ju Eggen er hip hop-dansar med bakgrunn frå Sør-Korea, Felipe Orellana, også kjend som rapparen FELA, har bakgrunn frå Chile og MariAma Fatou Kalley Slåttøy, som er jazzdansar.
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.