Gå videre til innhold
Faten Mahdi Al-Hussaini er ein av dei unge som deler si historie i framsyninga Utafor. Foto: Dag Jenssen.
Faten Mahdi Al-Hussaini er ein av dei unge som deler si historie i framsyninga Utafor. Foto: Dag Jenssen.

Pressemelding -

Teater om radikalisert ungdom til stova

To blei radikaliserte ekstremistar. Ein møtte radikalismen på andre sida av geværmunningen på Utøya. Det er sterke historier som blir fortalde av det unge ensemblet i Utafor. Sanne og personlege historier om å ikkje passe inn, om å på ein eller annan måte bli definerte på utsida av fellesskapet, og kva dette kan føre til.


UTAFOR

av Svein Tindberg og JustUnity

Blir vist i samarbeid med Applaus Scene
I KVELD, FREDAG 17. APRIL KL. 20.00
I EI STOVE NÆR DEG på Facebook og våre nettsider
Framsyninga blir liggande på våre nettsider ei stund framover


Faten Mahdi Al-Hussaini blei rikskjent da ho som 21-åring talte imot radikalisering framfor Stortinget i 2016, og hatobjekt nr. 1 for mange året etter, da ho stilte som første norske programleiar med hijab i Faten tar valget på NRK. I teaterframsyninga Utafor tok ho i 2018 steget inn på scenen i kampen mot utanforskap og radikalisering. I lag med Yousef Bartho Al-Nahi, som konverterte til islam som 17-åring, dreiv ho til i fjor JustUnity. Organisasjonen hadde som formål å førebygge radikalisering og ekstremisme blant ungdom. Begge har ei fortid som radikaliserte, og Yousef var i den nære krinsen rundt Ubaydullah Hussain i Profetens Ummah, da han akkurat hadde konvertert til islam.


Faten Mahdi Al-Hussaini, Yousef Bartho Al-Nahi, Siri Marie Seim Sønstelie og Tor Itai Keilen.

Fire unge stemmer

Det Norske Teatrets skodespelar Svein Tindberg har i årevis arbeidd med trusspørsmål, og kontakta JustUnity i håp om å lage ei framsyning om nettopp radikalisering og ekstremisme. Med seg på laget har dei også Tor Itai Keilen med jødisk bakgrunn og Siri Marie Seim Sønstelie, som er overlevande frå Utøya. Dei har begge opplevd ekstremisme på kroppen.

Kamp mot ekstremisme

I framsyninga møter vi også andre ungdomar som har kjent på ulike sider ved det å hamne utafor. Det kan vere mobbing, utsjånad, at ein har ei anna tru eller livssyn - det er mange grunnar til at barn og ungdom kan kjenne seg på utsida. Framsyninga ønskjer å formidle viktigheita av å sjå dei som fell utanfor. Inkludering, dialog og fellesskap er eit sentralt våpen i kampen mot radikalisering, og Utafor er meint som eit middel i denne.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge