Gå videre til innhold
Os Barne-og ungdomsteater vider framsyninga Galaxyland av Rolf Kristian Larsen. Foto: Thor Brødreskift.
Os Barne-og ungdomsteater vider framsyninga Galaxyland av Rolf Kristian Larsen. Foto: Thor Brødreskift.

Pressemelding -

Teaterungdom frå heile landet til Det Norske Teatret

For tiande gong skal ungdom frå heile landet møtast på Det Norske Teatret for å spele og sjå teater for og med ungdom under den landsdekkande DUS-festivalen.

DUS - FESTIVALEN
DEN UNGE SCENEN
LANDSDEKKANDE TEATERFESTIVAL FOR UNGDOM

11. - 13. MAI
DET NORSKE TEATRET

Annankvart årt blir det arrangert DUS-festival ved Det Norske Teatret. Her viser ungdom i alderen 13 - 19 år framsyningar baserte på nyskrivne tekstar eller konsept laga for aldersgruppa. Over 70 ungdomsgrupper frå heile landet lagar framsynijngar baserte på tekstane i kvar runde.

Teaterfestivalen er høgdepunktet i eit toårig prosjekt som tek til med at etablerte dramatikarar og forfattarar skriv ny dramatikk for ungdom. I år er det Rolf Kristian Larsen, Endre Lund Eriksen, Amy Black Ndiaye, Fredrik Høyer, Birgitte Larsen og Malmfrid Hovsveen Hallum som har bidrege med tekstar, i tillegg til ungdomsbidraga frå Vilde Røgeberg Larsen (19 år) og Ameli Eikner (16 år). Gjennom våren har det blitt arrangert 11 regionale festivalar i det ganske land der alle påmeldte teatergrupper har fått vist framsyningane sine for publikum ved eit av dei 17 vertsteatera. Under den landsdekkande festivalen på Det Norske Teatret 11. - 13. mai er det i år 12 grupper som er valde ut frå heile Noreg.

Heile programmet for festivalen og oversyn over gruppene som er med finn du her

DEN UNGE SCENEN

17 teaterinstitusjonar i 11 regionar er no med i DUS. Gruppene som er med, får nytte tekstane vederlagsfritt, og dei får fagleg hjelp gjennom dei regionale institusjonane. Det blir òg arrangert fleire seminar med gruppeleiarar og dramatikarar, i tillegg til regionale samlingar i fleire regionar. Hovudmålet er å dyrke fram gode tekstar som plattform for ungdommane sitt uttrykksbehov, men òg å stimulere til å gå nye vegar for å gjere teatret til ein attraktiv arena for aldersgruppa 13-19 år.

DUS er støtta av Norsk Kulturfond.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Os Foto Thor Brødreskift_15
    Os Foto Thor Brødreskift_15
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    8256 x 5504, 47.8 MB
    Last ned