Gå videre til innhold
Fredag framfører Svein Tindberg Abrahams barn for 350. og aller siste gong. Dette er også Svein Tindbergs nest siste gong på scenen på Det Norske Teatret som fast tilsett skodespelar. Foto: Fredrik Arff.
Fredag framfører Svein Tindberg Abrahams barn for 350. og aller siste gong. Dette er også Svein Tindbergs nest siste gong på scenen på Det Norske Teatret som fast tilsett skodespelar. Foto: Fredrik Arff.

Pressemelding -

Tindbergs siste Abrahams barn-framsyning som direktestrøyming

Abrahams barn er den vesle framsyninga som blei ein av teaterets største suksessar. Fredag framfører Svein Tindberg soloframsyninga for 350. og aller siste gong, og publikum kan oppleve hendinga over heile landet.

Direktestrøyming av ABRAHAMS BARN
av Svein Tindberg
FREDAG 9. JUNI KL. 19.30
I STOVA DI

Abrahams barn har hatt ei lang reise sidan premieren i 2011. Det byrja med eit oppriktig ønskje om å lage ei framsyning for å auke samforståinga mellom muslimar, kristne og jødar.
- Eg er eit teatermenneske, har vore det heile livet. Noko så spinkelt som ei teaterframsyning kan endre enkeltmenneske. Eg trur faktisk på at sanne møte mellom menneske kan endre oss, har Svein Tindberg sagt.

Teatersjef Erik Ulfsby gav han Scene 3 til rådvelde til prosjektet, og Tindberg sette i gong med arbeidet i lag med regissør Kjetil Bang-Hansen. Dei arbeida fram ei forteljande soloframsyning med innslag av spelescener, der Tindberg sjølv spelte alle rollene. Premieren var tenkt til hausten 2011. På Hovudscenen skulle ei meir bestialsk framsyning basert på barnerima om Shockheaded Peter ha premiere i august.

Datoen som endra alt

Men etter atterroren råka landet 22. juli, avgjorde teatersjef Ulfsby at det var umusikalsk å spele Shockheaded Peter - ei framsyning der ein skulle le av at barn fekk kutta av hendene for å ha leikt med saks. Men ei framsyning som ville gi kunnskap, skape samhald og forståing på tvers av religionar og ulike livssyn? Det var nett det Noreg trengte da. Abrahams barn blei flytt frå Scene 3 til Hovudscenen, og alle det 750 setene i salen var fylde kveld etter kveld. Året etter blei framsyninga heidra med den gjeve Heddaprisen for Årets framsyning.

Den lange reisa

Sidan har framsyninga vore på repertoaret til Det Norske Teatret, og har blitt spelt på alle dei fire scenene – Hovudscenen, Scene 2, Rommen Scene og Scene 3. I tillegg har Tindberg vore på turné i heile landet med Riksteatret, han har spelt Abrahams barn i Spania, framsyninga har blitt strøyma til heile landet under koronanedstenginga, Tindberg har gitt ut teksten som bok – og Stockholms Stadsteater har sett opp sin heilt eigen versjon. Over 100.000 publikumarar har fått oppleve framsyninga.

No er det tid for å sette endeleg punktum, og lukke alle dei tre bøkene. Og da høver det seg at publikum kan oppleve framsyninga anten dei sit i salen eller i sofaen heime i Målselv.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge