Gå videre til innhold
Ungdom frå Groruddalen står på scenen i Er mikrofonen min på? Foto: Monica Tormassy.
Ungdom frå Groruddalen står på scenen i Er mikrofonen min på? Foto: Monica Tormassy.

Pressemelding -

Ungdom frå Groruddalen med ei viktig melding

"Er mikrofonen min på?" referer til ei fråsegn frå den unge miljøaktivisten Greta Tunberg, og er eit akutt naudskrik frå ein generasjon som har arva ei brennande verd. Canadiske Jordan Tannahills tekst frå 2021 er skrive for å bli framført av unge menneske, og denne gongen er det ungdomar frå Groruddalen som står på scenen. Og dei har ei viktig melding til foreldregenerasjonen.

ER MIKROFONEN MIN PÅ?

av Jordan Tannahill
PREMIERE TORSDAG 26. OKTOBER KL. 19.00
PÅ ROMMEN SCENE, DET NORSKE TEATRET I GRORUDDALEN

Gjennom Tannahills sterkt politiske tekst adresserer dei publikum og foreldregenerasjonen, stiller dei til ansvar og krev handling. Klimaendringane er allereie store, men det verste ligg framfor dei. Kor går vegen vidare?

Er mikrofonen min på? handlar om unge menneske som vil bli høyrde, men som først og fremst vil starte ein samtale og handle - før det er for seint. Medan ungdomane konfronterer dei vaksne om deira tiltaksløyse, presser deira eigne dystopiske mareritt og frykt for framtida på frå innsida. Kva skal dei seie til generasjonen som kjem etter dei igjen? Til dyra? Til naturen? Til sine eigne barn?

Tannahills tekst har spreidd seg som eld på den tørre, brennbare jorda, og har blitt sett opp av ungdomsteatergrupper over heile den engelsktalande verda. I år vil den bli sett opp fleire stader i Noreg, gjennom eit samarbeid med DUS (Den Unge Scenen), som har frigitt teksten for ungdomsteater i landet vårt.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge