Gå videre til innhold
«Bergljot står alene. Kjersti Elvik er enestående», skreiv Dagbladet om  for si tolking av rolla som Bergljot i Arv og miljø. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.
«Bergljot står alene. Kjersti Elvik er enestående», skreiv Dagbladet om for si tolking av rolla som Bergljot i Arv og miljø. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

Pressemelding -

Vigdis Hjorths kritikarroste roman til Det Norske Teatret

Kritikarane henta fram dei store superlativa da Vigdis Hjorths omdiskuterte og sjølvbiografiske Arv og miljø hadde premiere på Den Nationale Scene i Bergen i 2018. No får framsyninga nypremiere på Det Norske Teatret - framleis med Kjersti Elvik i hovudrolla - flankert av eit heilt nytt og knallsterkt ensemble.

ARV OG MILJØ
av Vigdis Hjorth
NYPREMIERE LAURDAG 3. MAI KL. 18.00
HOVUDSCENEN

Kva er sanning? Og kven har rett til å definere kva som er sant og kva som ikkje er det? I regissør Kjersti Horns rå og ærlege uttrykk, og med bruk av videoprojeksjonar, kjem vi tett på hovudpersonen Bergliot si overgrepshistorie og hennar grenselause fortviling. Kjersti Elvik står aleine på scenen gjennom heile den to timar lange framsyninga. Resten av familien kjem til syne over hovudet hennar på ein storskjerm.

Starta eksplosiv debatt

Arv og miljø er ei dramatisering av Vigdis Hjorths omdiskuterte roman, som sette fyr på debatten om såkalla verkelegheitslitteratur da den kom ut i 2016. Romanen blei ein bestseljar og trefte lesarar over heile landet med si brutale skildring av familierelasjonar og løyndomar som boblar opp til overflata.

Det heile blir utløyst av eit arveoppgjer i samband med at faren til Bergljot døyr. I kjølvatnet av ei konflikt rundt to sommarhytter på Hvaler, blir gamle historier om overgrep og ulike oppfatningar av kva som eigentleg har skjedd sett i spel.

Samtale med Vigdis Hjorth

Foto: Sara Angelica Spilling/Cappelen Damm.

Tysdag 6. mai kl. 18.00 er publikum invitert til ein introduksjon med forfattar Vigdis Hjorth i samtale med leiaren i Vennelaget Astrid Versto. Denne introduksjonen er i samarbeid med Venner av Det Norske Teatret.

Related links

Emner

Kategorier

Regions



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Arv og miljø uttrykk
    Arv og miljø uttrykk
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    10840 x 6097, 3.7 MB
    Last ned
  • Ensemblet i Arv og miljø
    Ensemblet i Arv og miljø
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4024 x 2928, 2.94 MB
    Last ned
  • Arv og miljø
    Arv og miljø
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Den Nationale Scene
    Størrelse:
    3840 x 2562, 3.4 MB
    Last ned