Gå videre til innhold
Gina Bernhoft Gørvell spelar rolla som Hedvig i Villanda, som no blir direktestrøyma frå Det Norske Teatret. Foto: Pernille Sandberg.
Gina Bernhoft Gørvell spelar rolla som Hedvig i Villanda, som no blir direktestrøyma frå Det Norske Teatret. Foto: Pernille Sandberg.

Pressemelding -

Villanda i strøymeversjon

Det Norske Teatret har vore ambisiøse i satsinga på direktestrøyming av teater. No blir tilbodet utvida med ein strøymeversjon av den prisvinnande framsyninga Villanda.

VILLANDA
av Henrik Ibsen
DIREKTESTRØYMING 2. DESEMBER KL. 12.00 
DIREKTESTRØYMING 9. DESEMBER KL. 20.30
I DI EIGA STOVE

Villanda i denne fortetta versjonen blei i vår heidra med Heddaprisen for Beste scenetekst. Framsynigna var også nominert i kategorien for årets beste framsyning for ungdom. No kan publikum få glede av også denne framsyninga heime i si eiga stove. 

Teatersjef Erik Ulfsby er svært nøgd med satsinga på direktestrøyming, som blei starta opp i haust som resultat av pandemien:
- Pandemien tvang oss til å tenkje nytt, og tenke kjapt, og det har vi klart. 11. september hadde vi premiere på både teaterframsyninga og direktestrøyminga av Bienes historie. Billettsalet på direktestrøyming av Bienes historie har vore godt, og undersøkingane våre viser at dei aller fleste har vore svært glade for det dei har fått oppleve, seier teatersjefen.
- Direktestrøyming har gitt oss moglegheiten til å vise teater til publikum som ikkje har kunna kome til teateret grunna pandemien, men i tillegg har vi også nådd ut eit stort publikum vi ikkje hadde nådd ut til elles, legg han til.
Strøymingane av Bienes historie har nemleg blitt vist på kulturhus frå lengst i sør til lengst i nord, eldresenter, skolar og bufellesskap i samarbeid med OBOS billettfond, Kavli billettfond og Den Kulturelle Skolesekken. Det same skal direktestrøyminga av Villanda. 2. desember vil for eksempel 48 skoleklassar strøyme famsyninga, det vil seie at 1252 elevar vil få henne med seg (i samarbeid med DKS Oslo og OBOS billettfond).

Noko på spel

Det Norske Teatret har hatt eit godt samarbeid med videoproduksjonsselskapet Svai AS om å få framsyningane ut til folket, og har tatt mål av seg å fange mest mogleg av teaterkjensla i overføringa mellom scene og skjerm. Det har for eksempel vore eit kriterium at framsyninga er live og ikkje kan sjåast i opptak.
- På den måten kan publikum som sit heime få den same opplevinga av at noko står på spel, for dette skjer her og no, seier teatersjef Ulfsby.

Direktestrøyminga av Villanda skjer 2. og 9. desember. Før framsyninga vil publikum også få med seg ein samtale mellom dramaturgen for frasyninga og "familien Ekdal". Bienes historie har også ei strøymeframsyning igjen 6. desember.


Les meir om Villanda på nettsidene.

Les meir om direktestrøyming på Det Norske Teatret.

Emner

Tags



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Pressekontakt

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert materiale

Relaterte nyheter