Verdas mest sjarmerande musikal?
Den sjarmerande musikalen Once starta som eit lite indie-filmprosjekt og enda opp som ein prisvinnande musikalsuksess på Broadway. No kjem den endeleg til Noreg, med Ina Svenningdal, Kim Helge Strømmen og eit forrykande, multitaskande skodespelar-musikarensemble i hovudrollene. I alt 20 instrument blir trakterte av dei 13 aktørane som både syng, dansar og spelar.