Gå videre til innhold
Festivalsjef Trude Storheim er strålande fornøgd med førehandssalet. No gler ho seg til å feira jubileum!
Festivalsjef Trude Storheim er strålande fornøgd med førehandssalet. No gler ho seg til å feira jubileum!

Pressemelding -

Rekordsal for jubileumsfestival

Vossa Jazz fyller 50 i år, og slår på stortromma med omfangsrikt program, store artistnamn og ekstra hovudscene. Førehandssalet av billettar har slått alle rekordar.

– Det å bli 50 skal ein ikkje ta lett på!

Festivalleiar Trude Storheim sit i sofaen på festivalkontoret i Vangsgata. Det er mindre enn ein månad att til jubileumsfestivalen, og rundt ho bugnar det av plakatbunkar, kassar med nye programhefte og fargerike T-skjorter med påskrifta "Vossa Jazz 50".

– Det er fantastisk at me har ein av dei eldste festivalane i landet her på Voss. Me har vorte eit fyrtårn og ein viktig kulturinstitusjon gjennom åra, så då lyt ein trø til når ein fyller femti! seier Storheim.

Paraden under Badnajazzen fyller heile sentrum! Foto: Lars Finborud

Har spart i fleire år

Planane om den storstilte 50-års-festivalen er ikkje noko som har blitt til over natta.

– Me har planlagt i årevis for å kunne gje publikum og bygda ein skikkeleg staseleg jubileumsfestival. Mellom anna har me sett til side kapital gjennom fleire år for å kunne slå på stortromma no i år.

Med oppsparte midlar har Vossa Jazz eit meir omfangsrikt program enn vanleg, med store namn som Martha Wainwright, Nils Petter Molvær, Ane Brun, Kari Bremnes, Hamid Drake og Sondre Lerche på plakaten, for å nemne eit knippe.

Ane Brun kjem til Vossa Jazz 2023.

Tilbake på den største konsert arenaen på Voss

For fyrste gong sidan 2006 tek dei òg i bruk Voss idrettshall som konsertstad, i tillegg festivalen synleg i gjennom heile bygda, på scener som Park Hotel Vossevangen, Gamlekinoen og Ole Bull Akademiet.

– Det er kjekt å endeleg kunne ta tilbake idrettshallen. Sist gong me heldt konsertar der stod me midt i eit alvorleg økonomisk uføre. No har me beina trygt planta på golvet i Idrettshallen, med stabil og trygg økonomi, fortel festivalleiaren.

Storheim trekkjer fram dei lokale sponsorane i Vossa Jazz-lauget som ein viktig faktor for festivalen sin sterke posisjon.

– Dei har stått last og brast med festivalen i mange år no, og det er me veldig glade for og stolte over.

Foto: Konsert i Gamlekinoen på Voss.

Rekordsal

Festivalleiaren var spent på korleis publikum ville reagere på det utvida programmet, spesielt med tanke på at fleire aktørar har opplevd lågare interesse for kulturarrangement etter pandemien.

– Det er mange som er redde for at publikum har "sovna på sofaen" etter Covid-tida, men det er det ingen ting som tyder på. Me har aldri seld så mange billettar så fort. Det er heilt klart rekord i førehandssal av billettar for oss, med noko sånt som tre gonger så høgt sal samanlikna med eit vanleg år, seier Storheim.

Rekorden i førehandssal kjem sjølvsagt godt med når festivalen satsar stort med utvida program.

– Viss dette held fram når me faktisk budsjettmåla for billettinntekter før festivalen har byrja – det hadde vore litt av ein bursdagsgåve til festivalen!

Griegakademiet på konsert i Voss Sparebank. Foto: Lars Finborud.

Telefonar på kveldstid

Festivalpassa vart utselde fleire månader før festivalen, noko ikkje alle var like førebudde på.

– Mange er vande med å kunne venta til siste stund med å kjøpa pass. Eg har fått ein del telefonar heim på kveldstid i det siste, frå folk som lurar på om det verkeleg er heilt tomt for festivalpass, eller om det går an å få tak i eitt gjennom meg. Då lyt eg skuffa dei – men heldigvis er det framleis dagskort, huskort og enkeltbillettar igjen, seier Storheim.

To femtiåringar

Det er ikkje berre Vossa Jazz som har fyller 50 år i desse dagar – Trude Storheim sjølv vart femti før jol.

– Eg har vore med på Vossa Jazz sidan eg var 18 år, og no er me femti begge to! Festivalen er verkeleg ein livslang kjærleik for meg. Eg har utsett min eigen markering foreløpig og prioritert festivalplanlegging. Men det er vert vel ein fest når eg har fått summa meg etter Vossa Jazz 50, fortel festivalleiaren.

---

Fakta:

– Jazzfestivalen Vossa Jazz vert arrangert kvart år i Palmehelga på Voss.

– 31. mars-2. april 2023 feirar Vossa Jazz 50 år med utvida program.

– Trude Storheim har vore dagleg leiar for festivalen sidan 2007.

– Vossa Jazz vart stifta i 1973, og den fyrste festivalen vart arrangert i 1974.

Emner

Kategorier

Regions


Fjord Norge AS er landsdelsselskapet for de tre Vestlandsfylkene og offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovedansvaret for den internasjonale markedsføringen av Vestlandet inne for ferie- og fritidssegmentet.

Fjord Norge AS eies av nærmere 200 reiselivsbedrifter i landsdelen, inkludert de tre fylkeskommunene på Vestlandet.

Mer bilde- og video substantiv finnes  siden .

Kontakter

Benedicte Kragh

Benedicte Kragh

Pressekontakt Marknadssjef Marknadsføring, kommunikasjon og presse 48246137

Relatert innhold

Det offisielle landsdelsselskapet for Vestlandet

Fjord Norge AS (Fjord Norway) er landsdelsselskapet for de tre Vestlandsfylkene, og det offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovedansvaret for den internasjonale markedsføringen av Vestlandet (Fjord Norge-regionen) innenfor ferie- og fritidssegmentet i norsk reiseliv. Fjord Norge AS skal gjennom målrettet internasjonal markedsføring, presse- og pr-arbeid og markedsbearbeidelse bidra til økt turisttrafikk, helsårsturisme og økt lønnsomhet for reiselivet i landsdelen.

Fjord Norges visjon er "Å VISE VERDEN FJORDENE" ved å være det mest profesjonelle og slagkraftige regionale destinasjonsselskapet i Europa. Selskapet skal posisjonere Fjord Norge regionen som verdens mest attraktive destinasjon for natur- og opplevelsesferier.

Fjord Norge AS eies av nærmere 200 reiselivsbedrifter i landsdelen, samt de fire fylkeskommunene på Vestlandet.

Fjord Norge AS
Nordre Nøstekaien 1
5011 Bergen
Norge
Besøk våre andre nyhetsrom