Gå videre til innhold
Kjetil Dale i eldhuset sitt
Kjetil Dale i eldhuset sitt

Pressemelding -

Interessa rundt den norske tradisjonen veks fram i heile verda

– Ølet har spelt ei viktig rolle i kulturen vår, og dette brenn eg for å vidareføra, seier ølbryggar Kjetil Dale. I det gamle eldhuset på Dale har han opna dørene for fascinerte ølentusiastar, forskarar og turistar frå heile verda.

Den brennande interessa for ølbrygging tok til for om lag ti år sidan, då odelsguten Kjetil Dale kom heim til familiegarden utanfor Voss for å pussa opp og ta over småbruket.

– Då eg var liten og besteforeldra mine budde her, hugsar eg at eldhuset på tunet vart brukt til baking, tørking og salting av kjøt og sviing av smalahove. Sidan bestemor døydde tidleg på 2000-talet har det stort sett vore brukt som lagringsrom. Då eg rydda ut av eldhuset fann eg nokre store, gamle koparkjelar, som oldefar min Mons brygga øl i, fortel Dale.

Kjetil bestemte seg for å ta opp att ølbryggingstradisjonen, som hadde hoppa over eit par generasjonar på familiegarden.

– Eg hadde aldri brygga øl for, men eg har alltid vore oppteken av den gamle bondekulturen, tradisjonar og historie. Det var veldig spanande å læra om dei rike øltradisjonane på vestlandet, og dei siste ti åra har eg halde fram med å fordjupa meg i emnet, seier Dale.

Hjartet av garden, eldhuset

Særeigen Vossakveik

Såkalla gardsøl, heimabrygg eller Vossaøl har vorte brygga i uminneleg tid på gardane på og rundt Voss. Det som gjer ølet unikt i verdssamanheng er ølgjærsoppen som er brukt, kalla kveik.

– Kveiken er ein særeigen, hardfør gjærkultur som har vorte temma og tilpassa mennesket over veldig lang tid – sannsynlegvis stammar den heilt frå vikingtida. Den har fleire spesielle eigenskapar som er spanande for ølbryggarar: Den toler langt høgare temperaturar enn vanleg gjær, den kan overleva fleire år i tørka tilstand, og den gir ein fruktig og nestan tropisk smak og aroma til ølet, fortel Dale.

Det vert framleis skrapa gamle bryggekjeler rundt på vestlandet på jakt etter overlevande kveikvariantar.

Lanbruket har alltid hatt ei sentral rolle på Voss, men ølbrygging på gamlemåten har vore nær utryddingstrua

Kulturhistorisk skatt

Det er ikkje berre Dale som har lete seg fascinera. Forskarar på NTNU, amerikanske ølspesialistar og ølhundar frå verda over har fått augo opp for kveik dei siste åra. Kveiken har vorte omtala som "kulturhistorisk skatt", og ein snakkar om mogelegheita for å gje kveik Unesco-status.

– Eg har hatt fleire utanlandske turistar på besøk, og journalistar, ølskribentar og entusiastar frå fjern og nær. No nyleg var eg i kontakt med ein gjeng frå Alversund, som var på bryggekurs hjå meg for eit års tid sidan. Dei vart tydelegvis inspirerte, for hadde dei skaffa seg bryggekjele, lafta seg eldhus og starta "Strilakveik"! Det er kjekt å kunne vera til inspirasjon og vera med å sørga for at tradisjonar lever vidare, fortel Kjetil Dale.

Påbydd ølbrygging

Ein ting er sjølve gjærsoppen og dei tekniske aspekta ved ølbrygging, men Kjetil Dale er minst like oppteken av å formidla og vidareføra den kulturhistoriske betydninga til drikka.

Kjetil Dale gjer klar til mesking, ein del av prosessen.

– Går du tilbake til 1200-talet hadde me faktisk gulating- og frostatingslova som sa at det var forbodet før bønder å ikkje bryggja øl! Drikka var ein viktig ingrediens ved fleire høve, som barseløl ved fødsel, gravøl for å heidra dei som gjekk bort, og det var obligatorisk å skåla med øl ved avtalefesting. Øl har spelt ei viktig rolle i kulturen vår, og dette er det eg brenn for å vidareføra, seier Dale.

Opne eldhusdørar

Det var fyrst i fjor at Kjetil Dale opna eldhusdørene for besøkande for alvor, og sidan då har han hatt folk innom på bryggekurs.

– Det er fint å kunne gjera eldhuset til hjartet på garden igjen, slik det har vore i tidlegare tider. No tilbyr eg fullt bryggekurs, der deltakarane kjem og er med på heile bryggeprosessen over ei helg, med overnatting i Gamlahuset. Ellers arrangerer eg litt enklare eldhusopplevingar over nokre timar, med prøvesmaking av øl og kjøt og trekking av einerlåg.

---

Faktaboks:

- Eldhuset på Dale tilbyr bryggekurs, overnatting og eldhusopplevingar frå april til desember.

- Garden ligg mellom Vossevangen og Granvin, ved Istadmyrane. For meir informasjon, besøk eldhuset-dale.no

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Fjord Norge AS er landsdelsselskapet for de tre Vestlandsfylkene og offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovedansvaret for den internasjonale markedsføringen av Vestlandet inne for ferie- og fritidssegmentet.

Fjord Norge AS eies av nærmere 200 reiselivsbedrifter i landsdelen, inkludert de tre fylkeskommunene på Vestlandet.

Mer bilde- og video substantiv finnes  siden .

Kontakter

  • Eldhuset Dale, Voss, Foto Karoline Fosse (30)
    Eldhuset Dale, Voss, Foto Karoline Fosse (30)
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6000 x 4000, 11 MB
    Last ned
  • Eldhuset Dale, Voss, Foto Karoline Fosse (27)
    Eldhuset Dale, Voss, Foto Karoline Fosse (27)
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4000 x 6000, 5.55 MB
    Last ned
  • gammelnorskspælsau (7) lysere
    gammelnorskspælsau (7) lysere
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    5275 x 3517, 30.1 MB
    Last ned
  • Eldhusoppleving, Karoline Fosse (21)
    Eldhusoppleving, Karoline Fosse (21)
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6000 x 4000, 12.2 MB
    Last ned

Relatert innhold

  • Festivalsjef Trude Storheim er strålande fornøgd med førehandssalet. No gler ho seg til å feira jubileum!

    Rekordsal for jubileumsfestival

    Vossa Jazz fyller 50 i år, og slår på stortromma med omfangsrikt program, store artistnamn og ekstra hovudscene. Førehandssalet av billettar har slått alle rekordar.

  • Knute Rockne er ein av dei som har fått sin eigen video. Han var spesielt kjent for sine prestasjonar som trenar i amerikansk fotball, i USA.

    Voss Lanserer AI-Dreven Kulturvandring med "Snakkande Statuar"

    Voss lanserar AI-driven kulturvandring med "Snakkende Statuer". Besøksande kan no oppleva historia på ein ny måta ved at historiske figurar blir vekka til live gjennom generative AI-videoar. Statuane introduserer seg sjølv og bidreg til ei meir interaktiv oppleving. Målet er å inspirera yngre turistar til å ta del i kulturbygda.

  • Den lille landsbyen i havet har opplevd stor vekst etter at Feddie Ocean Distillery startet opp i 2019. Nå starter Røde Fjord Cruise dagsturer til øyperlen, der man får smake på de prisbelønte lokale smakene. Foto: Therese Kristoffersen

    Store planer for Fedje - landsbyen i havet

    Fedje, den lille landsbyen i havgapet utenfor Bergen, har opplevd kraftig vekst i både folketall og næringsliv etter at destilleriet Feddie ble etablert i 2019. Nå har Rødne Fjordcruise startet prøveturer til den sjarmerende kystperlen, med mål om helårstilbud fra Bergen.

  • Arne Merkesdal og Vossakjøt er klar med årets julemiddag.

    Lokale produsentar satsar på kvalitet og tradisjonsmat

    Matbygda Voss har stort fokus på tradisjonsmat og lokalmat. Fleire og fleire turistar er opptatt av kvalitetsprodukt og ynskjer å oppleve lokal kultur. Vossakjøt er ein av dei lokale produsentane som merker oppgangen.