Pressemelding -

Førdefestivalen 2022 med eitt ord: Fantastisk!

-Etter to spesielle år, var det utruleg godt å lande ein fullskala førdefestival med fulle konsertsalar, dans til langt på natt og nydelege musikkopplevingar på alle våre mange små og store arenaer, fortel direktør Per Idar Almås. -Festivalen har gjennomført 70 konsertar og arrangement, på 30 ulike scener, og tilbakemeldingane frå publikum og artistar er overstrøymande og fantastiske. Kanskje er det ein av dei aller beste festivalane, med eit aktuelt tema, Musikk i kriser, og eit sterkt og variert program med spennande og ekstremt gode artistar, seier Almås. Totalt besøkstal for årets festival landa på 16000. Det er noko under dei to siste normalåra, men totalt sett er vi svært godt nøgde med den 32. Førdefestivalen.  

-Årets førdefestival hadde alt: Vare opplevingar, store felleshendingar og skikkeleg heite klubbkveldar. Kan ikkje ønskje seg meir, særleg når de samtidig klarer å helde fast i festivalen sine intensjonar og ikkje ofrar folkemusikken! Dette var fint å oppleve. Djupdykket i festivalprogrammet stadfesta at Førdefestivalen er alive and kicking! skriv Per Morten Ekerhovd, avdelingsdirektør kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune, i si tilbakemelding.

Og ein av dei internasjonale delegatane på årets festival, Kuba Borysiak, journalist i Polsk radio, skriv på si facebookside: Let me say, this is so far one of the best festivals in Europe for sure, concerning great and carefully selected lineup, organisation and incredible hospitality!


Ayom på Larris Scene
Ayom heldt stemninga på topp på klubbkvelden på Larris Scene fredag! Foto: Lieve Boussauw



Unik festival for musikkelskarar

På Førdefestivalen får du servert tradisjonsmusikk og moderne folkemusikk og verdsmusikk frå alle verdshjørne, i år frå Columbia, Uganda, Gambia, Polen, Georgia, Spania, Afghanistan, Sudan, Bosnia, Kongo, Irland, India, Sverige, Skottland og Norge. Festivalen har fokus på kvalitet, og har heile tida musikken i sentrum. – Vårt mål er at publikum skal kunne nyte god musikk, same kva for ei av dei 30 scenene våre dei besøkjer, fortel Almås. Noko av det som varma aller mest på festivalen i år, var å sjå så mange unge som skapte topp festivalstemning på klubbkveldane på Larris Scene og i Sunnfjordsalen på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa fredag og laurdag. Som nokon så treffande sa det: I går kan det ikkje ha vore mange stadar det var kulare å vere enn på Larris Scene og konserten med afghanske Elaha Soroor & Kefaya og Ayom ! 


Elias Akselsen, Ola Kvernberg og Stian Carstensen
Trekløveret Akselsen, Kvernberg, Carstensen var eit populært innslag på Førdefestivalen. Her frå den utselde konserten deira på Larris Scene. Foto: Heidi Hattestein

Flystreik og regn gav utfordringar

At veret var vått og til dels kaldt, gav ikkje anna utslag enn at det var umindre folk enn vanleg på eit par utearrangement. Særleg var laurdagen utfordrande vêrmessig, så festivalfrukosten, der festivalen i samarbeid med NKL Sogn og Fjordane (kokkelauget) inviterer heile byen på gratis frukost og underhaldning, og konserten på Hafstadfjellet hadde langt færre pubikummarar enn vanleg. Dei fleste konsertane innandørs hadde godt besøk, og det var mange fulle hus på festivalen. -Også på den opningskonserten og gallakonserten var det litt lågare publikumsoppslutning enn andre normalår. Dette var venta, og er i tråd med det andre festivalar opplever. Ein del av publikum er framleis avventande, medan kjernepublikummet vårt har teke imot årets festival med opne armar.  

Streiken i SAS gav ekstremt mykje ekstraarbeid, men festivalen klarte å få alle artistar både til Førde og ut igjen, utan at det vart avlysingar. -Vi måtte avlyse ein konsert i Balestrand onsdag kveld, då to av musikarane ikkje kom seg fram i tide pga teknisk feil på fly, forklarer Almås. Alt i alt noterer han seg for ein svært vellukka festival, i sitt siste år som direktør på Førdefestivalen.

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Om lag 250 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom rundt 80 ulike festivalarrangement for om lag 26000 besøkande kvart år. European Festival Association heidra i 2019 Førdefestivalen med EFFE-AWARD 2019-2021, som ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger. Førdefestivalen vart første gong arrangert i 1990, og vert alltid arrangert i veke 27.

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27

Relatert innhold