Pressemelding -

Førdefestivalen inviterer til solidaritetskonsert for Ukraina

-Heilt sidan krigen braut ut i Ukraina i 24. februar i år, har vi i Førdefestivalen hatt ein Ukraina-konsert i tankane, seier Sølvi Lien, ansvarleg for årets festivalprogram. I eit land den invaderande stormakta meiner ikkje ein gong har ein eigen kultur, har det å halde fram med å skape og spreie den ukrainske musikken, vorte ei motstandshandling nesten på linje med det å kjempe ved fronten. Når Mariana Sadovska, Drevo og Dyvyna står på scena i Førde onsdag 6. juli, er det som ei påminning om musikken si enorme kraft. Musikk som gjev håp. Musikk som samlar og byggjer identitet i vanskelege tider. Musikk i kriser.

Musikk som våpen

Mariana Sadovska er ein pioner som har vist nye vegar for mange artistar i Ukraina. I pressa blir ho kalla Ukrainas Björk, og New York Times dreg parallell til rockestjerna PJ Harvey. Mariana Sadovska er fødd i Lviv, men bur i Køln. Herifrå har ho bygd ein internasjonal karriere som musikar, skodespelar og komponist. Musikken hennar byggjer på gamle tradisjonar, men i alt Sadovska skapar, blir fortida moderne, og det regionale vert universelt. Heilt sidan Russland anekterte Krim og okkuperte deler av Donbas, har Sadovska vore talskvinne for Ukraina sin kamp for fridom gjennom å kombinere kunstnarleg arbeid og politisk aktivisme.

Dyvyna
Dyvyna kjem frå Donbas-området i Ukraina.

-Vi har hatt Mariana Sadovska i kikkerten ei stund, og eg er svært glad for å få ho til festivalen, seier Lien, som har fått hjelp av nettopp Sadovska til å få på plass dei to andre Ukraina-artistane: Drevo, det eldste vokalensemblet i Ukraina, og Dyvyna, som kjem frå Donbas-området. I Førde vert det åtte songarar og musikarar på scena. Seks av dei er flyktningar, og held no til i Tyskland og Polen.

Gratis konsert og motanka dokkekurs

Solidaritetskonserten for Ukraina vert arrangert onsdag 6. juli kl. 19-20 i parken på Festplassen. Det kostar ikkje noko å komme inn på konserten, i staden vert publikum oppmoda til å støtte Røde Kors sitt hjelpearbeid i Ukraina ved å vippse til 2272.

Dagen etter, torsdag 7. juli kl 13 vil utøvarane i Dyvyna lære bort kunsten å lage motanka dokker, på Skywalken på Alti Førde. Motanka dokkene er ein 5000 år gammal ukrainsk tradisjon, og dokkene skal beskytte heimen og familien. Kurset er gratis, og passar for alle frå skulealder og oppover.

Related links

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kategorier

  • førdefestivalen
  • mangfald
  • førdekonferansen
  • mangfold
  • folkemusikk

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Om lag 250 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom rundt 80 ulike festivalarrangement for om lag 26000 besøkande kvart år. European Festival Association heidra i 2019 Førdefestivalen med EFFE-AWARD 2019-2021, som ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger. Førdefestivalen vart første gong arrangert i 1990, og vert alltid arrangert i veke 27.

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27

Relatert innhold