Pressemelding —
Framdrift og vilje til vidare satsing på Rv13
Fjordvegen Rv13 og NAF samla forrige veke sentrale aktørar til ope møte i Strand kommune, med fokus på utviklinga av den viktigaste samferdselsåra i Ryfylke.
Statens vegvesen orienterte om god framdrift i rassikringsprosjektet i Rødsliane, der arbeidet med tunnel og sikring no er i gang. Prosjektet vil gi tryggare og meir føreseielege reisevilkår langs ei av dei mest utsette strekningane på Rv13.
Samtidig vart deltakarane oppdaterte på arbeidet med ny Nasjonal transportplan (NTP), der prioriteringane fram mot 2028 vil få stor betydning for vidare utvikling av vegen.
Også rassikringsprosjektet Melkeråna–Årdal (Årdalstunnelen) vart løfta fram. Prosjektet har brei lokal støtte og stor nytteverdi, men manglar per i dag finansiering til vidare planlegging og detaljregulering. Dette peikar seg ut som eit naturleg neste steg i utviklinga av Rv13.
– Det er svært positivt å sjå framdrift i viktige prosjekt som Rødsliane. Samstundes er det viktig at vi held trykket oppe og står samla om dei neste prioriteringane langs Rv13, vart det understreka i møtet.
I tillegg vart det løfta fram konkrete behov:
- Døgnkvileplassar for tungtransport
- Trafikktryggingstiltak i Bjørheimsbygd
- Vidare planlegging av strekninga mot Røldal
– Rv13 er eit bindeledd for heile Ryfylke. Skal vi lukkast vidare, må vi sikre framdrift både i dei store prosjekta og i mindre, men viktige tiltak for trafikktryggleik og næringsliv.
Møtet synte eit tydeleg engasjement og ei felles retning for å styrka Rv13 som bindeledd for næringsliv, lokalsamfunn og reiseliv i heile regionen.
Emner
Kategorier
Regions
Fjordvegen Riksveg 13 er interesseforeininga for Rv13 frå Stavanger til Sogndal – med kommunar, fylkeskommunar, næringsforeiningar og verksemder som medlemmar. Målet er trygg, vakker og effektiv transportåre med vekt på rassikring, standardheving og berekraftige løysingar.