Regjeringas «Plan for Norge» må sikre trygge veger: Fjordvegen Rv13 etterlyser sterkare satsing på rassikring og tenlege kvardagsvegar
I samband med at regjeringa i dag legg fram si nye «Plan for Norge», oppmodar Fjordvegen Rv13 statsministeren og regjeringa om å løfte rassikring og utbetring av eksisterande riks- og fylkesvegar langt høgare i nasjonale prioriteringar — framfor nye, kostbare motorvegprosjekt.