Tider skal komme – ein roman om røter, arv og lengslar
I romanen Tider skal komme vender Ole Bjørn Hjellegjerde blikket mot Sunnmøre på 1900-talet og inn i ei historie om familie, arbeid, arv og menneskelege lengslar. Med utgangspunkt i ei møbelfabrikk i fjøresteinane i Fauskebygda i Sykkylven, følgjer romanen tre brør som på 1940-talet legg grunnlaget for eit industrieventyr – og dei livslange konsekvensane vala deira får.