Pressemelding -
Tider skal komme – ein roman om røter, arv og lengslar
I romanen Tider skal komme vender Ole Bjørn Hjellegjerde blikket mot Sunnmøre på 1900-talet og inn i ei historie om familie, arbeid, arv og menneskelege lengslar.
Med utgangspunkt i ei møbelfabrikk i fjøresteinane i Fauskebygda i Sykkylven, følgjer romanen tre brør som på 1940-talet legg grunnlaget for eit industrieventyr – og dei livslange konsekvensane vala deira får.
Forfattaren vaks sjølv opp med eit av Nordvestlandet sine mest kjende møbeletternamn, men kjende lite til historia bak.
Farfaren, som var ein av tre gründerar, snakka sjeldan om fabrikken, og det gjorde heller ikkje faren, som arbeidde der i over 30 år. Først då selskapet vart børsnotert på slutten av 1990-talet, vakna interessa for det som låg bak merkenamnet.
Ideen til romanen kom medan Hjellegjerde studerte ved Universitetet i Bergen. Han byrja på prosjektet som ung student, med farfaren og broren Mindor som primærkjelder. Etter fleire år med intervju og kjeldearbeid trudde han seg ferdig, men manuset mangla både struktur og litterær kraft. Romanen vart lagt bort – fleire gonger – før ei avgjerande hending i 2016, då farfaren låg for døden, gav prosjektet ny meining og retning.
Etter ytterlegare år med motstand, refusjon og personleg krise fann forfattaren ny energi gjennom studiar i idehistorie og ei fornya interesse for den historiske romanen. I
nspirert av mellom andre Kjartan Fløgstad vende han tilbake til teksten, denne gongen på nynorsk.
Møtet med Calidris Forlag og ein redaktør som såg potensialet i manuset, vart vendepunktet: Tider skal komme skulle endeleg ut i verda – 26 år etter at arbeidet starta.
Romanen har vakse fram gjennom både glede og frustrasjon, og ber preg av eit langt livsløp.
Den skildrar levde liv og skjebner i skuggen av kvardagen på Sunnmøre, og let dei store historiske linjene – krig, industriutvikling og samfunnsendring – spegle seg i det nære og personlege. Eitt av kapitla følgjer ein av brørne gjennom krigshandlingane i april og mai 1940.
Tider skal komme er ein roman om røter, arv og det som går i arv mellom generasjonar – både det ein snakkar om, og det som aldri blir sagt. Med over 440 sider og meir enn 100 historiske bilete, ønskjer forfattaren å nå også dei som sjeldan les bøker frå perm til perm.
Ole Bjørn Hjellegjerde bur i Bergen og kombinerer skriving med arbeid i møbelbransjen. Han skriv helst tidleg om morgonen og hentar inspirasjon frå kultur- og litteraturlivet i byen. Han arbeider no med det som kan bli ein oppfølgjarroman.
For mer informasjon, vennligst kontakt Calidris forlag.
Emner
Vi er et uavhengig forlag som ble grunnlagt i Sverige for vel ti år siden. Calidris drives av en lidenskap for litteratur og vi vil at våre bøker skal nå ut til så mange lesere som mulig. Vi holder til i trivelige lokaler på Høvik i Bærum, like utenfor Oslo.
Vi er stolte over alle talentfulle forfattere som vi har hatt gleden av å gi ut. Vi tror på fortellinger som berører og på de følelsene en historie kan vekke.