Forfatter og forsker Karl Jan Solstad. Foto: Karoline O. A. Pettersen
Boklansering: Små skolar og kortreiste elevar
Dato 11. april 2025 11:00 – 13:00
Sted Bodø
Nordlandsforskning og Nord universitet inviterer til lansering av boka "Små skolar og kortreiste elevar - til det beste for elevar, bygdesamfunn og land".
Stadig nye skolar trugast av nedlegging, og spørsmålet om skolestruktur engasjerer sterkt. I boka gjev Karl Jan og Marit Solstad eit kunnskapsbasert innblikk i dei mange spørsmåla som står på spel i slike prosessar og drivkreftene bak.
Program:
- Velkomst v/Wenche Rønning, prodekan for forsking ved fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag (FLU), Nord universitet.
- Presentasjon av boka v/Marit Solstad, førstelektor i pedagogikk, FLU, Nord.
- Opent for spørsmål.
- Mingling og enkel servering for dei som er til stades.
Lanseringa er open for alle som er opptatt av skolen si rolle i samfunnet.
Les meir om boka her: https://oplandskebokforlag.no/produkt/sma-skolar-og-kortreiste-elevar/
Velkomen!